Hopp til innhald

MPUV501A Spesialpedagogikk 1 - Generelle lærevanskar

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet skal gje avansert og inngåande kompetanse i å planlegge, gjennomføre og vurdere pedagogisk utviklingsarbeid med fokus på læringsstøtte og didaktikk. Emnet vektlegg ulike forskings- og teoriperspektiv innan spesialpedagogisk arbeid med hovudvekt på lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar. Det vert og lagt vekt på vurdering, utvikling og bruk av læringsstøtte og forebyggande tiltak med utgangspunkt i ein fagleg kontekst.

Dette emnet omfattar utvikling og bruk av spesialpedagogikk og utviklingsstøtte i ein samfunnsmessig kontekst, med eit livsløpsperspektiv. Tema som folkehelse og livsmeistring, samt utvikling av yrkesetisk refleksjon og profesjonsfagleg læringsstøtte inngår i emnet.

Spørsmål relatert til leiing av utviklingsarbeid i ein læringskontekst står sentralt. Det er lagt stor vekt på studentaktive læringsformer.

I emnet vil følgjande tema bli vektlagt:

  • refleksjon og vurdering ved tilrettelegging for god individuell og sosial utvikling
  • teoretisk og didaktisk perspektiv på generelle og spesifikke språkvanskar
  • lese- og skriveutvikling i eit forskingsmessig og didaktisk perspektiv
  • språkforstyrrelser i eit utviklingsperspektiv
  • utviklingsmessige matematikkvanskar - årsaker, former og forskingsbaserte tiltak
  • prinsipp for kartlegging og læringsstøtte i eit teoretisk og didaktisk perspektiv
  • folkehelse og livsmeistring i eit livsløpsperspektiv

Læringsutbytte

Ein student som har fullført emnet skal ha følgande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • Har inngåande kunnskap om spesialpedagogisk arbeid med generelle og spesifikke lærevanskar og læringsstøtte som profesjonsfag og forskingsfelt på individ-, gruppeog systemnivå
  • Har inngåande kunnskap om generelle lærevanskar
  • Har inngåande forståing for risikofaktorar og førebygging av desse
  • Har kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid innanfor feltet generelle lærevanskar og kan nytte desse i eigen yrkesutøving

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan kartlegge, igangsette og prioritere relevante tiltak for generell lærevanskar i ein opplæringssetting
  • Kan sette i verk forebyggande tiltak
  • Kan analysere og reflektere over læraren si rolle
  • Kan kritisk vurdere og reflektere over ulike pedagogiske støttetiltak
  • Kan vurdere og bruke læringsressursar i ein fagleg kontekst, med utgangspunkt i forskingsresultat og relevante læringsteoriar
  • Kan utvikle og vidareutvikle læringsressursar
  • Kan bruke læringsressursar knytt til folkehelse og livsmeistring

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan oppdatere eigen praksis og faglege innsikt med utgangspunkt i forskingsbasert kunnskap
  • Kan kritisk reflektere over etiske problemstillingar knytt til spesialpedagogiske utfordringar
  • Kan arbeide med kvalitetsutvikling av ulike læringsressursar
  • Kan vurdere mogelegheiter og utfordringar ved bruk av individuell læringsstøtte
  • Kan kommunisere om spesialpedagogiske problemstillingar med elevar, foreldre og profesjonelle

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Opptakskrav er fullført bachelor og minimum 90 studiepoeng i pedagogikk eller tilsvarande

Undervisnings- og læringsformer

Emnet vil bli lagt opp med samlingar, fellesundervisning i klasserom og digitalt, nettmøte, samt eige arbeid og rettleiing (individuelt og i gruppe) mellom samlingane. Studiet krav at student kan arbeide sjølvstendig med å tileigne seg lærestoff. Det er inntil to samlingar á 3 dagar per semester i emnet.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Gjennomføre og levere oppgåver som førebuing til samlingane
  • Framlegging av arbeid på samlingar
  • Arbeid med praksisbaserte oppgåver eller utfordringar (individuelt og i grupper) mellom samlingane
  • Innlegg munnleg og skriftleg i klasserommet eller på nettmøte, diskusjonar (i grupper og i plenum)

Dei obligatoriske læringsaktivitetane skal vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Alle obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjende av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det gis skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.

Vurderingsform

  • Del 1: Oppgåve. Innsikt i forebyggande arbeid eller direkte arbeid med spesialpedagogiske problemstillingar med hovudvekt på lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar. 4000-5000 ord. Vekting 60% av endeleg karakter.
  • Del 2: Individuell munnleg eksamen, 20 min. Vekting 40% av endeleg karakter.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som er ikkje bestått takast opp att åleine.

Det er mogeleg å levere forbetra versjon av oppgåva (del 1) i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Oppgåve: Alle hjelpemiddel er tillatt.

Munnleg eksamen: Ingen hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SSB801 - Språkutvikling og språklæring i barnehagen - Reduksjon: 15 studiepoeng