MPUV502A Spesialpedagogikk 2 - Psykososial utvikling og utfordringar
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet skal gi avansert og inngåande kompetanse i å identifisere behov, planleggje, gjennomføre og vurdere spesialpedagogisk utviklingsarbeid med fokus på læringsstøtte og didaktikk. Emnet vektlegg ulike forskings- og teoriperspektiv innan spesialpedagogikk. Emnet bygger på ei forståing av miljø og relasjon sin sentrale betydning for barn og unges psykiske helse.
I dette emnet skal ein få innsikt i førebygging av psykososiale utfordringar, samt implementasjon av pedagogikk og utviklingsstøtte i ein samfunnsmessig kontekst, retta mot eit livsløpsperspektiv, samt folkehelse og livsmeistring, i tillegg til å utvikle refleksjon rundt yrkesetikk og læringsstøtte. Spørsmål relatert til leiing av utviklingsarbeid i ein læringskontekst står sentralt. Studiet er basert på studentaktive læringsformer.
I emnet vil følgjande tema bli vektlagt:
- Refleksjon og dømmekraft ved tilrettelegging for god individuell og sosial utvikling
- Ulike kunnskapssyn knytt til psykososial utvikling
- Åtferdsvanskar, sjølvskading
- Fråfallsproblematikk og mobbing
- Psykososiale utfordringar
- Ulike aldersgrupper i mangfaldige læringsmiljø
- Vurdering, bruk og utvikling av psykososial utviklingsstøtte
Læringsutbytte
Ein student som har fullført emnet skal ha følgande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- skal ha inngåande kunnskap om spesialpedagogikk som profesjonsfag og forskingsfelt på individ-, gruppe- og systemnivå
- skal ha inngåande kunnskap om psykososial utvikling og utfordringar
- skal ha kunnskap i utvikling av forebyggande miljø for utvikling av god psykososial åtferd på ulike alderstrinn
- skal ha kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid innanfor feltet psykososial utvikling
Ferdigheiter
Studenten
- kan identifisere, igangsette og prioritere relevante tiltak for psykososial utvikling i eit livsløpsperspektiv
- kan analysere og reflektere over lærar sin rolle
- kan kritisk vurdere og reflektere over ulike pedagogiske intervensjonar
- kan vurdere og implementere læringsressursar i ein spesialpedagogisk fagleg kontekst, med utgangspunkt i forskingsresultat
- kan bruke og utvikle læringsressursar og program
- kan tenke forebyggande tiltak og program overfor psykososial åtferd og psykisk helse
Generell kompetanse
Studenten
- kan oppdatere sin eigen praksis og faglege innsikt med utgangspunkt i forskingsbaserte publikasjonar
- kan kritisk reflektere over etiske problemstillingar knytt til spesialpedagogiske utfordringar
- kan arbeide med kvalitetsutvikling av ulike læringsressursar og tiltak
- kan vurdere mogelegheiter og utfordringar ved bruk av individuell læringsstøtte
- kan kommunisere om spesialpedagogiske problemstillingar med elevar, foreldre og profesjonelle
- kan planlegge forebyggande tiltak basert på nasjonale kartleggingar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emnet vil bli lagt opp med fysiske samlingar, fellesundervisning, digital undervisning, nettmøte, samt eige arbeid og rettleiing (individuelt og i gruppe) mellom samlingane.
Det er inntil to samlingar á 3 dagar i emnet kvart semester.
Obligatorisk læringsaktivitet
Levere 3 individuelle skriftlege oppgåver
1. Gjennomgang av fire (4) forskingsartiklar
2. Praksisbasert oppgåve som student kan relatere til eigen arbeidsplass
3. Oppgåve som tek utgangspunkt i tentativt tema for masteroppgåve
Obligatorisk læringsaktivitet vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Alle obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjende av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det gis skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.
Vurderingsform
- Del 1: Oppgåve, 4000-5000 ord. Innsikt i barnehage eller skule sitt arbeid med spesialpedagogiske problemstillingar innanfor psykososial utvikling og psykisk helse og klasseleiing. Vekting 50% av endeleg karakter.
- Del 2: Individuell skriftleg eksamen, 6 timar. Vekting 50% av endeleg karakter.
Karakterskala: A - F, der F svarar til ikkje bestått.
Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som er ikkje bestått takast opp att åleine.
Det er mogeleg å levere forbetra versjon av oppgåva (del 1) i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
- Oppgåve: Alle hjelpemiddel er tillatt
- Skriftleg eksamen: Ingen hjelpemiddel