MT501 Fysisk aktive deltakarar
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet har tre samlingar à tre til fire dagar med ulike arbeidsoppgåver og ein kort digital dag mellom samlingane.
Innhald i emnet er:
- Teoretiske og praktiske tilnærmingar til prosjekt og tverrprofesjonelt samarbeid som medverkar til fysisk aktive deltakarar.
- Motivasjon og meistring som utgangspunkt for helsefagleg og pedagogisk arbeid.
- Ulike bevegelsesperspektiv og praktiske tilnærmingar til aktivitet og friluftsliv på individ og gruppenivå.
Vi tek atterhald om at nok studentar søker om opptak for at emnet skal starte opp.
Læringsutbytte
Ein student med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskap:
Studenten...
- har avansert kunnskap om fysisk aktivitet og nærfriluftsliv, inngåande kunnskap om grøn omsorg, og kan anvende denne kunnskapen i praksis.
- har inngåande kunnskap om kroppen som levd erfaring, og kan anvende kunnskap om kroppsbevissthet som utgangspunkt for endring av bevegelse og pust.
- har og kan anvende inngåande kunnskap om relasjonar og samhandling i grupper.
Ferdigheiter:
Studenten...
- kan planlegge og sette i verk tiltak/prosjekt som stimulerer til fysisk aktivitet og friluftsliv.
Generell kompetanse:
Studenten...
- kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskningsetiske problemstillingar med omsyn til brukarperspektivet.
- kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter om fysisk aktive deltakarar på ulike relevante område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det er ein fordel med arbeidserfaring for eit best mogeleg utbytte av studie, men det er ikkje eit krav.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, digitale undervisnings- og læringsformer, gruppearbeid med planlegging, gjennomføring/leiing av prosjekt som dannar grunnlag for sluttvurderinga.
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vere førebudd på å betale ein eigenandel.
Obligatorisk læringsaktivitet
Fylgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen:
1: Minimum 80 % deltaking i studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning, ekskursjon, gruppearbeid og seminar.
2: Planlegge og presentere prosjektplan. To timar obligatorisk rettleiing på prosjekt og prosjektrapport.
Vurderingsform
Oppgåve i form av ein prosjektrapport på 5000 ord,+/- 10%. Oppgåva skal skrivast individuelt.
Vurderingsutrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterer og F er ikke bestått.
Ny eksamen
Ved stryk på oppgåva første gong skal opphavleg oppgåve omarbeidast. Ved stryk andre gong skal det leverast ei ny oppgåve med ny problemstilling.
Forsøk på forbetring av karakter: Heile emnet må takast opp att.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemidler
Meir om hjelpemiddel