Hopp til innhald

NAB802 Naturfag 1, emne 2 - Den ikkje-levande naturen

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Naturfag 1 er forankra i nasjonale retningsliner for grunnskulelærarutdanning 1-7. Vidare er emnet forankra i eksisterande læreplan, og fagfornyinga i grunnskulen.

Naturfag 1 er sett saman av to emne (NAB801 og NAB802), kvart på 15 studiepoeng:

  • Emne 1 - Den levande naturen 1
  • Emne 2 - Den ikkje-levande naturen

Gjennom Naturfag 1 møter studentane sentrale naturfaglege og naturfagdidaktiske tema som er relevante for undervisning i naturfag i grunnskulen på 1. - 7. steg.

Emne 2 (NAB802) har hovedfokus på den ikkje-levande naturen og på sentrale didaktiske perspektiv relatert til naturfagundervisning på 1. - 7. trinn i grunnskulen. Fysikk, kjemi, astronomi, meteorologi og geologi er overordna faglege tema. Tema innan utdanning for berekraft og naturfag som regifag for berekraftsundervisning vil og vere utgangspunkt for fagleg diskusjon. I naturfagdidaktikk er det sentrale fokuset utforskande arbeidsmåtar gjennom praktisk arbeid og dialog.  

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • kan bruke partikkelmodellen til å konkretisere oppbyggjing og eigenskapar til faste stoff, væsker og gassar og forklare samanhengen mellom faseovergang og energi
  • har kunnskap om namnsetting, oppbygging og eigenskapar til vanlege kjemiske stoff, og kan bruke periodesystemet til å forklare dette
  • har grunnleggande kunnskap om kjemiske reaksjonar på makro- og mikronivå
  • har kunnskap om korleis bevegelse, elektrisitet og temperatur kan knytast til energi, energibevaring og energioverføring og kan illustrere dette ved hjelp av forsøk
  • har kunnskap om bølger, lyd og lys og kjenner til aktuelle forsøk og aktivitetar som eignar seg for praktisk og variert undervisning med dei yngste elevane
  • har kunnskap om korleis modellar for solsystemet kan introduserast for elevar på barnesteget og korleis ein brukar desse i undervisning av ulike fenomen som til dømes solformørkelse, måneformørkelse og flo og fjære
  • har kunnskap om ulike modellar som kan brukast til å forklare ytre og indre geologiske prosessar på jorda og korleis vanlege norske mineral og bergartar har vorte til for elevar på barnesteget
  • har kunnskap om værelementene og lokale værfenomen
  • har kunnskap om samband mellom vær og klima, og korleis klima er i endring
  • har grunnleggande kunnskap om teknologi knytt til naturfag, og kjenner til formålet med teknologi som tema i skulen
  • har kunnskap om korleis gjennomføre begynneropplæring i emner innan fysikk og kjemi
  • har grunnleggande kunnskap om ulike dialogiske og utforskande arbeidsmåtar og kan nytte denne kunnskapen til å aktivere elevane sine forkunnskapar og utvikle det naturfaglige språket.
  • har kunnskap om korleis legg til rette for utvikling av elevar sine digitale ferdigheiter i naturfag
  • har kunnskap om fagfornyinga i grunnskulen

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke relevant utstyr til å gjennomføre aktivitetar og målingar, og vurdere nødvendige tryggingstiltak
  • kan planleggje, gjennomføre og reflektere over eigen naturfagundervisning på barnetrinnet forankra i forsking, teori og praksis og med spesielt fokus på begynneropplæring og bruk av grunnleggande ferdigheiter 
  • kan gjennomføre undervisning der elevar skal utvikle og/eller programmere eit teknologiske produkt  og utvikle forståing for korleis ulike delar av eit teknologisk system verkar saman.
  • kan tilrettelegge for overgangen frå barnesteget til ungdomssteget

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysere og bruke gjeldande læreplan for barnesteget som utgangspunkt for å utvikle og vurdere eigen naturfagundervisning
  • kan drøfte eiga rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar
  • har grunnleggende kunnskap om naturvitskaplege praksisar og tenkemåtar som grunnlag for kritisk tenking og utforskende arbeidsmetoder

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Naturfag 1, emne 1 (NAB801) eller tilsvarande

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga går over eitt semester. Emne er samlingsbasert med læringsaktivitetar knytt til arbeidskrav, to digitale møter og sjølvstudium mellom samlingane.

Arbeidsformene vil variere mellom førelesingar, demonstrasjonar, utforskande aktivitetar,  laboratorieøvingar, oppgaveløysing,  presentasjon av erfaringar frå eigne opplegg og besøk på vitensenter/museum. Gjennom desse varierte arbeidsformene vil dei grunnleggande ferdigheiter bli brukt og utvikla. Dei praktiske arbeidsformene er viktige. Studentane vil få erfaring med arbeidsformer som kan brukast på barnetrinnet.

Studentane skal arbeide individuelt og i grupper. Deler av pensum må lesast som sjølvstudium. Det er tilrådd å arbeide med lærestoffet gjennom kollokviearbeid eller diskusjonsgrupper på Canvas.

Studentane skal enkeltvis eller i grupper, planlegge, gjennomføre og vurdere undervisningsopplegg i faget i minst ein skuleklasse.

Obligatoriske arbeid vert utført på og mellom samlingane. Studentane skal levere journaler fra pålagte øvingar og didaktiske arbeid. Nærare spesifikasjon med frist for innlevering vert gjevne i semesterplanar.

Canvas er høgskulen sitt studiestøttesystem, og det blir brukt både til informasjon og til organisering av læringsaktivitetar. Studentane vil få rettleiing både individuelt og i grupper gjennom heile studiet.

Studentane får undervegsvurdering for læring gjennom tilbakemelding på obligatorisk innleverte arbeid.

Studentane vil få erfaring med bruk av ulike digitale verktøy på samlingane.

Obligatorisk læringsaktivitet

For å kunne fremstille seg til eksamen må studentane ha delteke på minst seks kursdagar og to digitale møter, og ha bidratt i dei studentaktive læringsaktivitetane. 

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjent av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ arbeidsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar.

I emnet er det er tre obligatoriske læringsaktivitetar som er forankra i emnet sitt læringsutbytte.

  • Teknologi- og designopplegg med rapport
  • Laboratoriearbeid med rapport
  • Didaktisk arbeid om kjemiske reaksjoner

Det er eit krav at digitale verktøy blir brukt i minst eit av læringsaktivitetane. Det er videre eit krav at erfaringar frå minst ein av de obligatoriske læringsaktivitetane blir delt med eige kollegium.

Nærare retningslinjer for læringsaktivitetane gis ved semesterstart.

Godkjent læringsaktivitet er gyldig i det påfølgande semesteret etter godkjenninga.

Vurderingsform

Munnleg eksamen, ca. 30 minutt.

Studenten får ca. 30 minutt til førebuing.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator.

Meir om hjelpemiddel