Hopp til innhald

NOB802 Norsk 1, emne 2 - Norsk på mellomsteget

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Avlyst vår 2024.

Norsk 1, 1.-7. trinn (30 studiepoeng) tilsvarer obligatorisk norsk for lærarar med grunnskolelærarutdanning 1-7 og er retta mot lærarar som vil undervise i norsk på barnetrinnet. Studiet er delt i to emne. Emne 1 Begynnaropplæring (15 studiepoeng ) går hausten, og emne 2 Opplæring på mellomsteget går våren. Til saman gir dei to emna ei innføring i norsk språk og litteratur og i arbeidet med faget norsk i klasserommet.

Studiet er eit ledd i regjeringa si satsing på varig vidareutdanning (Kompetanse for kvalitet). Etter Forskrift til opplæringslova §14-2 må ein lærar ha 30 studiepoeng norsk for å undervise i faget på barnetrinnet. Krava til lese- og skrivekompetanse har auka sterkt dei siste tiåra, og det er eit uttalt ønske at norsklærarane aukar kompetansen sin på området lesing og skriving. Norsk 1 set studentane i stand til å møte desse krava og gir tilstrekkeleg kompetanse til å undervise på barnetrinnet.

Norsk er eit kunnskaps- og danningsfag, eit estetisk fag, eit språkfag og eit praktisk profesjons-fag. Å studere norsk som del av grunnskolelærarutdanninga handlar om å skaffe seg kunnskapar om norsk språk og norsk tekstkultur og om didaktiske teoriar knytte til norskopplæring.

Emne 2 Opplæring på mellomsteget har fokus på undervisning i norsk på mellomsteget, 5. til 7. trinn i grunnskolen. Undervisning i vidareutvikling av lese- og skriveferdigheitene og munnleg bruk av språket står sentralt. Studentane skal få forskingsbasert innsikt i desse emna. Dei skal lære om arbeidsmåtar som passar frå 5. til 7. trinn, få kjennskap til korleis praktisk-estetiske arbeidsmåtar kan brukast i faget og utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har innsikt i språkutvikling hos barn og unge som allereie har tileigna seg grunnleggande lese- og skriveferdigheiter
  • har kunnskap om lesing og lesestrategiar
  • har kunnskap om det å lære norsk som eit andrespråk og ha andrespråket som sitt opplæringsspråk i skolen
  • har kunnskap om grammatikk, det vil si språket som system på ulike nivå
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og sakprosatekstar i ulike sjangrar
  • har kunnskap om litteratur frå nyare tid som rettar seg mot barn 
  • har innsikt i den gjeldande læreplanen for norsk for 5. til 7. trinn

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planleggje, vurdere og bruke varierte undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæring og i skriftforming på 5. til 7. trinn
  • kan bruke digitale verktøy som støtte i den vidare lese- og skriveopplæringa
  • kan organisere og drive opplæring også for elevar med lese- og skrivevanskar
  • kan skrive nynorsk og bokmål godt og ha innsikt i tilhøvet mellom talemålsvariasjon og skriftspråksnormering

Generell kompetanse

Studenten

  • kan legge til rette for at elevane blir tekstkyndige og kritiske språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
  • har blikk for mangfaldet i elevgruppa og kan gjere greie for tilpassa fagdidaktiske val
  • kan vurdere eigen praksis ut frå gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emne 2 Opplæring på mellomsteget er eit nett- og samlingsbasert deltidsstudium. Mykje av kunnskaps- og informasjonsutvekslinga vil skje i studiestøttesystemet Canvas, og ein føreset at studentane lærer å bruke denne læringsplattforma aktivt. Emnet har dessutan tre todagars-samlingar. Mellom og etter samlingane skal studentane arbeide individuelt og i studiegrupper.

Studiet er organisert som ein kombinasjon av samlingar, sjølvstudium og nettbasert arbeid i grupper. Ein legg stor vekt på studentaktive læringsformer, der studenten er både mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Det er vidare ein føresetnad at studentane som følgjer studiet, deler kunnskapen og ferdigheitene dei tileignar seg, med lærarar i kollegiet på eigen skole.

Studiet har ikkje eigen praksisdel, men er praksisretta ved at eiga yrkeserfaring blir knytt til arbeidet. Studentane skal få prøve ut og reflektere over emne og fagstoff som blir tatt opp i undervisninga og sjå desse emna i samanheng med erfaringar og observasjon i eigen klasse.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er fire obligatoriske læringsaktivitetar i emnet, både individuelle og gruppearbeid:

  1. Akademisk tekst. Responsarbeid. Individuell innlevering.
  2. Gruppearbeid med to oppslag i Padlet og framføring i gruppe. Individuelt refleksjonsnotat.
  3. Akademisk tekst. Individuell innlevering.
  4. Obligatorisk frammøte til samlingar og deltaking i gruppearbeid.

Begge målformer skal nyttast i læringsaktivitetane.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende til fastsette fristar for at studenten skal ha rett til å gå opp til eksamen. Aktivitetane er gyldige i tre semester etter godkjenning. 

Vurderingsform

Mappevurdering, med to delar frå læringsmappa: dei to skriftlege oppgåvene, i bearbeidd form. Målform: Ein tekst på nynorsk og ein tekst på bokmål.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Ved ikkje bestått kan det leverast forbetra versjon av mappa til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt.

Meir om hjelpemiddel