NORU801N Norsk 1, emne 1 - Språk- og tekstkunnskap
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Norsk 1, emne 1: Språk- og tekstkunnskap er fyrste del av Norsk 1 for KFK 5-10. Saman med Norsk 1, emne 2: Litteratur- og tekstkunnskap kvalifiserer dette til norskundervising på mellomsteget. Norsk 1 og Norsk 2 kvalifiserer til norskundervisning på ungdomssteget. Sentralt i Norsk 1,emne 1: Språk- og tekstkunnskap står tema knytte til arbeid med skriving og det munnlege, som skrivedidaktikk, munnlegdidaktikk, grammatikk og respons og vurdering. I tillegg vert dette knytt til arbeid med dei grunnleggjande ferdigheitene. Norsk 1 emne 1 legg også vekt på at studentane skal utvikle eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse, eiga formidlingsevne og eigen digital kompetanse.
Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid. Undervisinga vil leggje vekt på korleis dei fagovergripande emna i Fagfornyinga kan bli integrerte i arbeidsmåtar som involverer lesing, skriving, munnlege og digitale aktivitetar, og som også kan knytast til ulike kjerneelement i den nye læreplanen i norsk.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har omfattande kunnskapar om språket som system og språket i bruk
- har gode kunnskapar om munnleg kommunikasjon, og samtalen som didaktisk reiskap
- har gode kunnskapar om skriving og skrivestrategiar, og korleis elevar på mellomsteget og ungdomssteg kan vidareutvikla skriveferdigheitene sine
- har kunnskapar om relevante språkteoretiske og språkdidaktiske omgrep og perspektiv
- har kunnskapar om språkleg identitet, norsk som andrespråk og fleirspråkleg praksis
- har kunnskapar om den gjeldande læreplanen i norsk
- har kunnskapar om respons og vurdering på elevane sine munnlege og skriftlege tekster
Ferdigheiter
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning for elevar frå 5. til 10. steg med ulik bakgrunn og ulike ferdigheiter i norsk, og grunngje faglege val
- kan vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i skriveopplæring frå 5. til 10. steg, både for elevar med norsk som fyrste- og andrespråk, og for elevar med bokmål og nynorsk som opplæringsmål
- kan analysere språk og språkbruk, gjere greie for faglege val som skal fremje munnleg og skriftleg språkutvikling og vurdere elevar sin språkbruk
- kan planleggje, gjennomføre og evaluere samtalen som didaktisk reiskap i elev- og klassesamtalar
- kan leggje til rette for at elevar på mellomsteg og ungdomssteg får lese og skrive sakprosa og skjønnlitterære tekstar for ulike formål og i ulike sjangrar og medium
- kan vurdere og ta i bruk nye metodar, ny teknologi og ulike norskfaglege læremiddel, digitale og analoge, i arbeidet med den vidare skriveopplæringa
- kan bruke kunnskap om språk og språkbruk til å kartleggje og vurdere lese- og skriveferdigheiter og kjenne igjen teikn på lese-, skrive- og språkvanskar
- meistrar nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer.
Generell kompetanse
Studenten
- kan leggje til rette for at elevane frå 5. til 10. steg vidareutviklar ferdigheiter knytt til språk, både munnleg og skriftleg, og at dei kan nytta desse ferdigheitene til aktiv deltaking i klasserommet og på andre arenaer
- kan planleggje, gjennomføre og reflektere over norskundervisning i sentrale tema og gjere greie for elev- og stegtilpassa fagdidaktiske val
- kan vurdere eigen praksis med grunnlag i gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt
- kan arbeide med språk og tekst i fleirspråklege og fleirkulturelle elevgrupper
- kan bruke kunnskap om språk og tekst i fagleg arbeid med respons på og vurdering av skriftlege, munnlege og samansette elevtekstar
- kan skrive akademiske tekstar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
I starten av semesteret vert studentane delte inn i arbeidsgrupper som arbeider saman gjennom både haust- og vårsemesteret. Dette kurset er eit nettbasert kurs, og det inneber at studentane sjølve aktivt brukar digitale samhandlingsformer for å løyse oppgåvene dei får og til å halde kontakt med arbeidsgruppa si. Kurset nyttar videoverktøy, læringsplattforma Canvas og andre digitale samhandlingsverktøy i den daglege organiseringa og gjennomføringa av kurset, noko som også bidreg til å auke studentane sin profesjonsfaglege digitale kompetanse.
Gjennom undervisinga i emnet skal studentane vere både mottakarar, aktive deltakarar, dialogpartnarar og rettleiarar for medstudentar. Dei skal òg prøve ut undervising i eigne klasserom. Det er difor lagt opp til varierte arbeidsformer. Arbeidsformene kan vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, diskusjonar ved hjelp av videoverktøy eller digital læringsplattform, og arbeid i større og mindre grupper. Emnet vil også innebere utveksling av erfaringar og kollegarespons.
Obligatorisk læringsaktivitet
Læringsmappe som består av:
- To skriftlege tekstar på nynorsk
- Ei videoinnlevering
Vurderingsform
Mappevurdering med læringsmappe og vurderingsmappe.
Læringsmappa består av:
- To skriftlege tekstar på nynorsk knytt til tema som vert arbeidde med i semesteret
- Ei videoinnlevering knytt til tema som vert arbeidde med i semesteret.
Vurderingsmappa består av:
- Dei to skriftlege tekstane frå læringsmappa.
Både fagleg innhald og språkleg utforming vert vurdert. Arbeida kan vere reviderte etter attendemeldingar gjeve ved innlevering i læringsmappa.
Ved ikkje bestått vurderingsmappe, skal det leverast ei omarbeidd vurderingsmappe til ny eksamen.
Målform: Nynorsk
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt.
Meir om hjelpemiddel