Hopp til innhald

NORU802 Norsk 1, emne 2 - Språk- og tekstkunnskap

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein arena for arbeid med språk og tekstar i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.

Norsk 1, emne 2: Språk- og tekstkunnskap er andre del av Norsk 1 for KFK 5-10. Saman med Norsk 1, emne 1: Litteratur- og tekstkunnskap kvalifiserer dette til norskundervisning på mellomsteget. Norsk 1 og Norsk 2 kvalifiserer til norskundervisning på ungdomssteget. 

Sentralt i Norsk 1, emne 2 står grammatikk, munnlegdidaktikk, skriving, respons og vurdering. 

Undervisinga vil leggje vekt på korleis dei fagovergripande emna i Kunnskapsløftet kan bli integrerte i arbeidsmåtar som involverer lesing, skriving, munnlege og digitale aktivitetar, og som også kan knytast til ulike kjerneelement i læreplanen i norsk.

Ein legg også vekt på at studentane skal utvikle eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse, eiga formidlingsevne og eigen digital kompetanse.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha fylgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har omfattande kunnskapar om språket som system og språket i bruk
  • har gode kunnskapar om munnleg kommunikasjon og samtalen som didaktisk reiskap
  • har gode kunnskapar om skriving og skrivestrategiar, og korleis elevar på mellomsteget og ungdomssteget kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine
  • har kunnskapar om relevante språkteoretiske og språkdidaktiske omgrep og perspektiv
  • har kunnskapar om språkleg identitet, norsk som andrespråk og fleirspråkleg praksis
  • har kunnskapar om den gjeldande læreplanen i norsk
  • har kunnskapar om respons på og vurdering av elevane sine munnlege og skriftlege tekstar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning for elevar frå 5. til 10. steg med ulik bakgrunn og ulike ferdigheiter i norsk, og grunngje faglege val
  • kan vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i skriveopplæring frå 5. til 10. steg, både for elevar med norsk som fyrste- og andrespråk, og for elevar med bokmål og nynorsk som opplæringsmål
  • kan analysere og vurdere språk og språkbruk, og gjere greie for faglege val som skal fremje munnleg og skriftleg språkutvikling
  • kan planleggje, gjennomføre og evaluere samtalen som didaktisk reiskap i elev- og klassesamtalar
  • kan leggje til rette for at elevar på mellomsteg og ungdomssteg får lese og skrive sakprosa og skjønnlitterære tekstar for ulike formål og i ulike sjangrar og medium
  • kan vurdere og ta i bruk nye metodar og teknologi og ulike norskfaglege læremiddel i arbeidet med den vidare skriveopplæringa
  • kan bruke kunnskap om språk og språkbruk til å kartleggje og vurdere lese- og skriveferdigheiter og kjenne igjen teikn på lese-, skrive- og språkvanskar
  • meistrar nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan leggje til rette for at elevane frå 5. til 10. steg vidareutviklar ferdigheiter knytt til språk, både munnleg og skriftleg, og at dei kan nytte desse ferdigheitene til aktiv deltaking i klasserommet og på andre arenaer
  • kan planleggje, gjennomføre og reflektere over norskundervisning i sentrale tema og gjere greie for elev- og stegtilpassa fagdidaktiske val
  • kan vurdere eigen praksis med grunnlag i gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt
  • kan arbeide med språk og tekst i fleirspråklege og fleirkulturelle elevgrupper
  • kan bruke kunnskap om språk og tekst i fagleg arbeid med respons på og vurdering av skriftlege, munnlege og samansette elevtekstar
  • kan skrive akademiske tekstar

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er organisert som ein kombinasjon av sjølvstudium, nettbasert arbeid og tre samlingar. 

Ein legg vekt på studentaktive læringsformer, der studenten er både mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Undervisninga vil derfor variere mellom lærarstyrt klasseromsundervisning og varierte, studentaktive læringsformer.

Studiet har ikkje eigen praksisdel, men er praksisretta ved at eigen yrkeserfaring blir knytt til arbeidet. Studentane skal få prøve ut og reflektere over emne og fagstoff som blir tatt opp i undervisninga, og sjå desse emna i samanheng med erfaringar og observasjon i eigen klasse. Emnet vil også innebere utveksling av erfaringar og kollegarespons.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane må få godkjent ei læringsmappe med tre obligatoriske, individuelle læringsaktivitetar for å få gå opp til eksamen. Temaa for innleveringane blir kunngjorde ved studiestart. Læringsaktivitetane skal skrivast på nynorsk. 

Godkjend læringsaktivitet er gyldig i fire semester etter godkjenning.

Vurderingsform

Mappevurdering med to tekstar frå læringsmappa i revidert versjon. Ei oppgåve blir bestemt av høgskulen, den andre vel studenten. Både fagleg innhald og skriftleg utforming blir vurdert.

Målform: Nynorsk.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Ved ikkje bestått kan det leverast forbetra versjon av mappa til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt.

Meir om hjelpemiddel