Hopp til innhald

NORU802N Norsk 1, emne 2 - Litteratur- og tekstkunnskap

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Norsk 1, emne 2: Litteratur- og tekstkunnskap er andre del av Norsk 1 for KFK 5-10. Saman med Norsk 1, emne 1: Språk- og tekstkunnskap kvalifiserer dette til norskundervising på mellomsteget. Norsk 1 og Norsk 2 kvalifiserer til norskundervising på ungdomssteget. Sentralt i Norsk 1, emne 2: Litteratur- og tekstkunnskap står tema knytt til arbeid med den vidare leseopplæringa, litteratur og tekst, som elementær tekstkunnskap, leseopplæring, litteraturteori og litteraturdidaktikk. I tillegg vert dette knytt til arbeid med dei grunnleggjande ferdigheitene. Emnet legg også vekt på at studentane skal utvikle eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse, eiga formidlingsevne og eigen digital kompetanse.

Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid. Undervisinga vil leggje vekt på korleis dei fagovergripande emna i Fagfornyinga kan bli integrerte i arbeidsmåtar som involverer lesing, skriving, munnlege og digitale aktivitetar, og som også kan knyttast til ulike kjerneelement i den nye læreplanen i norsk.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har omfattande tekst- og sjangerkunnskapar om munnlege, skriftlege og samansette tekstar, både skjønnlitteratur og sakprosa, på nynorsk og bokmål, med vekt på teksttypar som er særleg relevante for mellomsteget og ungdomssteget
  • har gode kunnskaper om korleis elevar kan vidareutvikle leseforståinga og leseferdigheitene sine
  • har gode kunnskapar om vidare leseopplæring og lesestrategiar for elevar med norsk som fyrste- og andrespråk
  • har kunnskapar om nyare litteratur i ulike sjangrar og medium, på nynorsk og bokmål, for barn, unge og vaksne
  • har kunnskapar om relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
  • har kunnskapar om samisk språk, litteratur og kultur
  • har kunnskapar om vurdering av læremiddel

Ferdigheiter

Studenten

  • kan leggje til rette for at elevane får lese eit breitt utval litteratur, og at dei utviklar leselyst, gode lesestrategiar og litterær kompetanse
  • kan analysere, tolke, vurdere og leie samtalar om tekstar, og presentere litterære innsikter på varierte måtar
  • kan vurdere og ta i bruk nye metodar, ny teknologi og ulike norskfaglege læremiddel, digitale og analoge, i arbeidet med den vidare leseopplæringa
  • kan bruke kunnskap om litteratur og tekst i fagleg arbeid med respons på og vurdering av skriftlege, munnlege og samansette elevtekstar
  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning for elevar frå 5. til 10. steg med ulik bakgrunn og ulike ferdigheiter i norsk, og grunngje faglege val
  • meistrar nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer

Generell kompetanse

Studenten

  • kan leggje til rette for at elevane på mellomsteget vidareutviklar ferdigheiter knytt til lesing, tekst og litteratur, og at dei kan nytte desse ferdigheitene til aktiv deltaking i klasserommet og på andre arenaer
  • kan planleggje, gjennomføre og reflektere over norskundervising i sentrale emne og gjere greie for elev- og stegtilpassa fagdidaktiske val
  • kan vurdere eigen praksis med grunnlag i gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt
  • kan arbeide med språk og tekst i fleirspråklege og fleirkulturelle elevgrupper
  • kan skrive akademiske tekstar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

NORU801N - Norsk 1, emne 1: Språk- og tekstkunnskap.

Undervisnings- og læringsformer

I starten av semesteret vert studentane delte inn i arbeidsgrupper som arbeider saman gjennom både haust- og vårsemesteret. Dette kurset er eit nettbasert kurs, og det inneber at studentane sjølve aktivt brukar digitale samhandlingsformer for å løyse oppgåvene dei får og til å halde kontakt med arbeidsgruppa si. Kurset nyttar videoverktøy, læringsplattforma Canvas og andre digitale samhandlingsverktøy i den daglege organiseringa og gjennomføringa av kurset, noko som også bidrar til å auka studentane sin profesjonsfaglege digitale kompetanse.

Gjennom undervisinga i emnet skal studentane vere både mottakarar, aktive deltakarar, dialogpartnarar og rettleiarar for medstudentar. Dei skal òg prøve ut undervising i eigne klasserom.  Det er difor lagt opp til varierte arbeidsformer. Arbeidsformene kan vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, diskusjonar i videoverktøy eller på ei digital læringsplattform, og arbeid i større og mindre grupper. Emnet vil også innebere utveksling av erfaringar og kollegarespons.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er tre læringsaktivitetar i emnet. Minst ein av desse må vera skriftleg. Ein av læringsaktivitetane skal handle om profesjonsfagleg digital kompetanse. Alle skriftlege læringsaktivitetar skal skrivast på bokmål.

Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for læringsaktivitetane. Alle arbeidskrav må vere godkjente for at studenten skal kunne ta eksamen i emnet.

Læringsaktivitetane er gyldig i fire semester etter godkjenning.

Vurderingsform

Heimeeksamen, éi veke.

Målform: Bokmål.

Både fagleg innhald og språkleg utforming vert vurdert.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt.

Meir om hjelpemiddel