OR6-2000 Entreprenørskap og innovasjon
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Omgrepsavklaring: Kva er entreprenørskap? Kva er innovasjon? Kva kjenneteiknar entreprenørskap og innovasjon innanfor reiselivsnæringane? Statistikk: Korleis står det til med entreprenørskap og innovasjon i Noreg? Teoriar om innovasjon og entreprenørskap på to nivå:
- kontekst: Innovasjonssystem, klynger, nettverk (sosial kapital)
- bedrifter - entreprenøriell orientering
Dynamikk - endrings-/utviklingsprosessar: Kunnskap: Utvikling, spreiing, læring på ulike nivå.
- støtteapparat: Næringsutvikling - kva er oppgåvene til ulike aktørar?
- drivkrefter - barrierar
- innovasjonsprosessar i bedrifter (intraprenørskap)
- entreprenørielle prosessar (frå idé til oppegåande bedrift)
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Studenten skal
- kjenne det teoretiske grunnlaget for problemstillingar innan entreprenørskap og innovasjon
- forstå faktorar som er avgjerande for å lukkast med næringsutvikling, både i enkeltverksemder og på lokalt og regionalt nivå. Døme i undervisninga vil i stor grad bli henta frå reiselivsnæringa.
- ha kjennskap til korleis ein kan nyttiggjere seg av verkemiddelapparatet og andre eksterne ressursar
Ferdigheiter:
Studenten skal
- kjenne til og ta i bruk verktøy for å analysere konkrete case innan området entreprenørskap og innovasjon
- tenkje kritisk, reflektere og stille spørsmål til dei teoriane som finst og til den forskinga som vert gjort
Generell kompetanse:
Studenten skal
- ved å forstå rolla innovasjonsaktivitetar har for generell økonomisk utvikling trekke koplingar til, og sjå det i samanheng med, kompetanseutbytte frå andre økonomiske fag
- supplere kompetansen av bedriftsøkonomiske og makroøkonomiske fag for økonomi- og reiselivsstudia ved å få auka forståing av korleis entreprenørskap speler ein rolle for økonomisk utvikling og auka innovasjonsaktivitetar på både bedriftsnivå og makronivå
Krav til forkunnskapar
Ingen krav til forkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, gruppearbeid, øvingar, seminar. Studentane blir forventa å vere aktive gjennom å stille spørsmål, svare på spørsmål og å vise evne og vilje til kritisk refleksjon over fagstoffet. I undervisninga blir det lagt vekt på å formidle verktøy eller modellar som kan brukast til å skildre og drøfte konkrete case (t.d. knytte til nyetableringar, lokal næringsutvikling eller regionale innovasjonssystem).
Obligatorisk læringsaktivitet
Eitt arbeidskrav som krev skriftleg innlevering.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.
Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- OR6-211 - Næringsutvikling og omstillingsarbeid - Reduksjon: 5,5 studiepoeng