Hopp til innhald

PS1-303 Kommunikasjon, samarbeid, konfliktforståing og konfliktløysing

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Samspel mellom menneske er sentralt i forståing av utvikling av psykiske lidingar så vel som betringsprosessar. Teori, modellar for kommunikasjon og kunnskap om konfliktar og løysing av konfliktar blir belyst.

Sentrale tema:

  • Kommunikasjons- og terapimetodar knytt til psykiske lidingar
  • Relasjonen si rolle i psykisk helsearbeid
  • Relasjon knytt til makt/avmakt, konflikt, tvangs- og kontrolltiltak
  • Brukarperspektivet, autonomi, brukarmedverknad
  • Konfliktforståing

Læringsutbytte

Ein studenten med fullført emne har følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. 

Kunnskap:
Studenten...

  • har avansert kunnskap om kommunikasjons- og samhandlingsprosessar

Ferdigheter:
Studenten...

  • kan anvende relevante tilnærmingar i kommunikasjon og samhandling med pasientar, brukarar og pårørande med ulik kulturell og sosial bakgrunn, i samarbeid med andre profesjonelle
  • kan nytte anerkjent kunnskap om ulike psykiske lidingar og kommunikasjon og konfliktløysing på ein sjølvstendig måte

Generell kompetanse:
Studenten...

  • kan reflektere kritisk over egen kommunikasjon og samhandling
  • kan argumentere for og sjølvstendig nytte relevante teori om kommunikasjon i samhandling med pasientar, brukarar, pårørande og fagpersonar i psykisk helsearbeid
  • kan formidle betydinga av relasjonen og brukarperspektivet i psykisk helsearbeid på ein sjølvstendig måte

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studenten gjennomfører kommunikasjonsøvingar i grupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivtetar må vere godkjende før studenten kan framstille seg for sluttvurdering:

1. Individuelt arbeid og presentasjon i gruppe. 

2. Minimum 80% deltaking på kommunikasjonstrening, med og utan e-læringsverktøy.

3. Minimum 80 % deltaking i rettleiingsgrupper (2 timar).

Vurderingsform

Skriftleg individuell oppgåve, maks 3000 ord. Oppgåvetekst vert gitt ved emnestart.

Vurderingsuttrykk
Gradert karakter A-F, med A som beste karakter og F som ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel