Hopp til innhald

PT104 PT-rolla

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

PT-rolla er retta inn mot det å jobbe som personleg trenar (PT) i treningssenterbransjen. Det vert undervist i tema som sal og marknadsføring, kommunikasjon og motivasjon, treningslære, biomekanikk, instruksjon og spottingteknikkar (ein til ein og i gruppe), treningsplanlegging, etikk og bruk av teknologiske verktøy i PT-yrket.

Emnet er bygd opp rundt teoretiske og praktiske læringsaktivitetar der alle tema vert sett i lys av det å arbeide som PT. Gjennom å planlegge, gjennomføre og evaluere eit treningsprogram med ein anna person får studentane ei gradvis tilnærming til PT-yrket.

Studentane har to veker samanhengande praksis på eit treningssenter der dei vert rettleia av personleg trenar. Praksisstad vert bestemt i samråd med faglærar. Studentane må regne med å bu borte frå Sogndal i desse vekene.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har brei kunnskap om ulike treningsmetodar og prinsipp innanfor styrke-, uthald- og beveglegheitstrening
  • har brei kunnskap om korleis kroppen påverkast av styrke-, uthald- og beveglegheitstrening
  • har brei kunnskap om ulike måtar å marknadsføre seg sjølv som PT
  • har kunnskap om korleis moment innan coaching, til dømes motivasjon og kommunikasjon, er sentrale for å lykkast som PT
  • har brei kunnskap og forståing om kva det inneber å jobbe som PT

Ferdigheiter

Studenten

  • kan anvende ulike spottingteknikkar
  • kan anvende sentrale moment innan coaching i samspel med kundar i ulike jobsituasjonar
  • kan reflektere over ulike etiske dilemma ein kan komme opp i som PT og korleis ein kan imøtekomme desse
  • kan beherske ulike styrke-, uthald- og beveglegheitsøvingar, og vere eit godt øvingsbilde
  • kan anvende forskningsbasert kunnskap til å lage individuelt tilpassa målsetjingar og treningsplanar for ulike kundar
  • kan reflektere over eigen evne til å utarbeide, gjennomføre og evaluere treningsplanar saman med andre
  • kan med utgangspunkt i forskningsbasert kunnskap, analysere og forhalda seg kritisk til nasjonalt og internasjonalt fagstoff innanfor fagfeltet
  • kan reflektere over eigne styrker og utfordringar i utføringa av yrket

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjennomføre testing innan kroppssamansetning, styrke-, uthald- og beveglegheitstrening tilpassa ulike kundegrupper
  • kan kartlegge kundens mål, behov, bakgrunn og ønskjer gjennom samtale og observasjon
  • kan gjennomføre PT-timar med lite utstyr
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre for å vidareutvikle eigne kunnskapar og praktiske ferdigheiter
  • kjenner til og kan reflektere rundt å bruke ulike teknologiske hjelpemiddel som kan nyttast i yrket som PT

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

IDF101 Treningslære

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. Emnet inneheld både teoretiske og praktiske timar med fokus på studentaktive læringsformer der teori blir knytt til praktiske aktivitetar. Studentane skal planlegge og gjennomføre ulike praktiske oppgåver og øve på alle dei ulike momenta i PT-rollen.

Studentane har to veker praksis tilknytt eit treningssenter. Praksis blir gjennomført i vårsemesteret. I praksis skal studenten få innblikk i kvardagen til ein PT, samt prøve seg i rolla som PT. Vurderinga av praksis vert gjort av rettleiar og praksisansvarleg.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Deltaking på obligatorisk praktisk undervisning. Denne fokuserer på læringsutbytta knytt til anvending av spotting- og coachingteknikkar, å ha eit godt øvingsbilde innan ulike øvingar, å kunne gjennomføre trening og testing av ulike kundegrupper, samt å kunne gjennomføre PT timar med lite utstyr. 

  • Teoretisk framføring samt praktisk gjennomføring av caseoppgåver. Desse er retta mot læringsutbytta knytt til å anvende samt reflektere rundt kunnskapen mot kundar, samt meistre ulike teknikkar. 

  • Gjennomføring av praksis etter gjeldende retningslinjer samt innlevering av forventningsavklaring i forkant og presentasjon av praksisplass i etterkant av praksis. Praksis er knytt opp mot å kunne kartlegge og utarbeide treningsprogram samt samhandle med andre menneske. Vidare forventast det at studentane opparbeider ei forståing om kva det betyr å jobbe som PT. Studenten skal også vise evne til å utveksle synspunkt og erfaringar med andre for å vidareutvikle eigen kompetanse samt reflektere over eigen styrke og utfordringar i utøvinga av yrket. 
  • Godkjent jobbøvings-rapport basert på planlegging, gjennomføring og evaluering av treningsprogram med ein evt. to andre personar. Godkjenning av rapport baserer seg på oppnåing av læringsutbytte knytt til kartlegge ein person sine mål og ønsker for trening, utarbeiding og gjennomføring av treningsprogram med ein annan person, reflektere rundt det å bruke teknologiske verktøy samt evne til å reflektere over prosessen og eiga utføring.  

Vurderingsform

Individuell praktisk eksamen med munnleg eksaminasjon, 60 min.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Ved kontinuasjonseksamen får studentane utlevert ny eksamensoppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel