SA206 Kultur, identitet og globale kriser
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet har to delar. I den første delen vert det gjeve ei tverrfagleg innføring i kultur og identitet, med særleg vekt på sosialantropologiske tilnærmingar. Kultur sjåast gjerne som eit sett av ritual, symbol, verdiar og praksisar forma mellom anna av fysiske omgjevnader, materielle levekår, og menneskas kreative kraft og behov for mening. Den sosiale identiteten uttrykker dels ei tilhøyrsle til ein kultur, dels ei tilhøyrsle til eit bestemt sosialt fellesskap og ulike grensetrekkingar mot andre grupper. I dette emnet er det sentralt å sjå på korleis globaliseringsprosessar og globaliseringsideologi (og motstanden mot desse) påverkar og i sin tur blir påverka av prosessar der kultur og identitet vert reprodusert, transformert, og politisert.
Den andre delen av emnet tek føre seg vår tid sine globale kriser, og korleis kultur og identitet kan bli trua eller mobilisert når slike kriser oppstår. Til dømes, korleis vert nordmenn si forståing av farane ved klimaendringar påverka av det norske sjølvbiletet om Norge som eit land med stor rikdom og høgt velferdsnivå, finansiert av utvinning av fossile energikjelde? Korleis gjekk det når pandemitiltak skulle gjennomførast i eit land som USA, med ein politisk kultur der individet sin fridom og rettar tradisjonelt har stått i sentrum (jf. t.d. Kina, med ein anna politisk kultur)? Korleis veks nye, identitetsbaserte rørsler fram som resultat av kriser og konflikt som sett samarbeidet i EU under press (t.d. finanskrisen og migrasjonskrisen)? I denne delen av kurset blir det lagt vekt på å ta opp tidsaktuell problematikk. Studentane skal dessutan skrive ei oppgåve om ei sjølvvald, relevant problemstilling.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Ved fullført emne har kandidaten kunnskap om
- ulike tilnærmingar til kultur- og identitetsspørsmål
- kvifor kultur og identitet ofte har politisk og økonomisk betydning
- kva sosialantropologiske perspektiv kan lære oss om kultur, identitet og globale kriser
- innsikt i dei materielle og romlege sidene ved korleis kulturar blir til, og korleis kulturar endrar seg over tid
- identitetsformasjon som eit samspel mellom tilhøyr og avstand (frå andre)
- dei store, globale utfordringane i samtida
- korleis ungdom og deira identitet blir påverka av globalisering og kriser
Ferdigheiter
Ved fullført emne kan kandidaten ta i bruk ulike faglege perspektiv for å:
- vurdere korleis sosialantropologar og andre samfunnsvitarar nyttar ulike modellar og omgrep for å forstå og forklare korleis kulturar og identitetar utviklar seg
- forstå mennesket sine behov for mening og tilhøyr
- analysere globale kriser og deira konsekvensar
- finne fram, vurdere og gjere seg nytte av relevant litteratur på ein kritisk og medviten måte
Generell kompetanse
Ved fullført emne kan kandidaten:
- skrive tekstar om samfunnsfaglege tema etter definerte vitskaplege kriterium basert på oppdatert fagteori og problemstillingar
- formidle og problematisere sentralt fagstoff munnleg i diskusjonar og presentasjonar
- argumentere rasjonelt og logisk, i samsvar med vitskaplege kriterium
- tenkje kritisk, langsiktig og heilskapleg
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Sjølvstudium, førelesingar, gruppearbeid, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar som blir kommenterte av faglærar og medstudentar, studentstyrte kollokviegrupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentane skal produsere ei digital historieforteljing som blir vurdert av kursleiaren.
Arbeidskravet må bli vurdert til "godkjent" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjent" vil ein få ein ny sjanse.
Vurderingsform
- 7 dagers heimeeksamen.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel