Hopp til innhald

SA6-405 Leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

I dette emnet er hovudfokus planlegging, drift og utvikling av arbeidseiningar i helse- og velferdssektoren. Med utgangspunkt i systemiske og læringsteoretiske perspektiv går emnet inn på konkrete utfordringar studentane kan møte som leiarar. Sentralt står leiar si tilrettelegging for kollektiv problemløysing og kollektivt utviklings- og forbetringsarbeid.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Med bakgrunn i sentrale teoriar, modellar og forskingsbasert kunnskap om kvalitetsforbetring skal studenten ha inngåande kunnskap om:
    • Teori om læring og kunnskapsutvikling på individ-, gruppe- og organisasjonsplan
    • Førekomst og konsekvensar av kvalitetssvikt
    • Korleis samfunnet si utvikling, rammevilkår, fagleg utvikling og tilhøve ved tenesta påverkar kvaliteten
    • System, metode og verktøy for forbetring av kvalitet

Ferdigheiter:

  • Med bakgrunn i sentrale teoriar, modellar og forskingsbasert kunnskap om kvalitetsforbetring skal studenten:
    • Kunne bruke teori for å analysere eit kvalitetsforbetringsarbeid
    • Kunne bruke relevant kunnskap og avanserte analyseverktøy for å avdekke og forstå kvalitetsproblem i tenesta
    • Kunne bruke relevant kunnskap og innøvde ferdigheiter til å planleggje, utføre og evaluere eit forbetringsarbeid

Generell kompetanse

  • Kunne bidra til og setje i gang systematisk kvalitetsforbetring i tenesta ved hjelp av tileigna kunnskap og ferdigheter.
  • Kunne vidareformidle kunnskapar og ferdigheiter om forbetringsarbeid i eigen organisasjon.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og gruppearbeid med case.

Individuell rettleiing i utarbeiding av tekst som handlar om utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass.

Obligatorisk læringsaktivitet

Tre korte læringsnotat (800 - 1200 ord for kvart notat) utarbeidde mellom samlingane.

Vurderingsform

Semesteroppgåve

Individuelt utarbeidd tekst (ca. 4000 ord) som handlar om forbetringsarbeid på eigen arbeidsplass.

Bokstavkarakter A - F der F er «ikkje greidd».

Ved stryk eller gyldig fråvær kan studenten levere inn omarbeidd oppgåve til ny vurdering påfølgjande semester. Ved ynskje om forbetring av karakter kan omarbeidd tekst leverast inn neste gong eksamen vert arrangert.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SA6-405 - Leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • SA6-400 - Leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar - Reduksjon: 13,5 studiepoeng
  • SA667 - Drift av grunneining - Reduksjon: 13,5 studiepoeng
  • GR122 - Organisering av helse og sosialtenester til eldre - Reduksjon: 13,5 studiepoeng