SA6-406 Leiing av pedagogisk verksemd
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet rettar søkelys mot leiaren sitt arbeid med utvikling av barnehagelærarar, lærarar og barn og unge sitt læringsarbeid, kvalitetsvurdering og effektiv bruk av menneskelege og materielle ressursar. Dette skjer gjennom ei praksisnær gjennomføring av studiet. Det blir lagt vekt på refleksjon rundt eigen praksis i samspel med teoretisk forståing av sentrale, faglege tema.
Læringsutbytte
Ved avslutta emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har inngåande kunnskap om kva omgrep som kvalitetsvurdering og kvalitetsutvikling, samfunnsmandatet og systemisk tenking kan bety i drift og utvikling av pedagogisk verksemd
- har avansert kunnskap om profesjonelle lærande fellesskap som tek utgangspunkt i idégrunnlag for barnehage og skule
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere og setje i gang endrings- og utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass
- kan leie gruppe- og organisasjonsprosessar i barnehage og skule
Generell kompetanse
Studenten
- kan identifisere og analysere aktuelle problemstillingar og kvalitetsutfordringar i barnehage og skule med utgangspunkt i relevante teoriar om lærings- og utviklingsarbeid
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Samlingane er i hovudsak prosessretta der det blir veksla mellom førelesingar, drøftingar og refleksjon i grupper. Undervisninga vil være relatert til teori og praksiserfaringar. Det blir føresett at studentane deltek aktivt i samband med utarbeiding av tekst som handlar om utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass. Studentane blir organisert i føremålstenlege grupper som skal jobbe saman undervegs i studiet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskrav nr. 2a: Fire læringsnotat (på 800-1000 ord kvar) som drøftar tema frå samlingane, teori og eigne erfaringar i utdanningsfeltet.
Vurderingsform
Semesteroppgåve
Oppgåve som handlar om leiing og utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass. Kan leverast individuelt eller i gruppe (maks tre personar). Individuell innlevering har tilrådd omfang ca. 5000 ord. Dersom gruppe er omfanget ca. 8000 ord.
Bokstavkarakter A - F, der F er "ikkje greidd".
Ved stryk eller gyldig fråvær kan omarbeidd tekst bli levert inn til ny vurdering i det påfølgjande semesteret. Ved ynskje om forbetring av karakteren kan omarbeidd tekst bli levert inn neste gong eksamen vert arrangert. Kandidaten melder seg då til vurdering i emnet igjen innanfor dei sette fristane for vurderingsmelding.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- MAS3-306 - Leiing av pedagogisk verksemd - Reduksjon: 10,5 studiepoeng
- SA6-401 - Leiing av pedagogisk verksemd - Reduksjon: 13,5 studiepoeng