Hopp til innhald

SSB801 Språkutvikling og språklæring i barnehagen

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Vidareutdanningskurset «Barns språkutvikling og språklæring i barnehagen» er utvikla på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet, med bakgrunn i Kompetanse for framtidas barnehage.Studiet er på masternivå.

Formålet med vidareutdanninga er å styrke kompetansen til barnehagelæraren generelt, og auke kompetansen i arbeidet med barn med språklege utfordringar. Rammeplanens føringar om mangfald, likeverd, likestilling, inkludering, tidleg innsats og livsmeistring vil liggje som grunn for studiet. Betydninga av tidleg innsats i barnehagen for å styrke alle barns språkutvikling innanfor deira utviklingstempo og dei to store samfunnsendringane digitalisering og økt mobilitet, vil prege vidareutdanninga.

Tilbodet er retta mot barnehagelærarar/førskulelærarar som ønsker å lære meir om typisk språkutvikling hos eitt- og fleirspråklege barn, og om språkutvikling hos barn med særskilte behov. Det vil bli lagt vekt på å gje studentane solide kunnskapar om barns språktileigning, slik at dei kan gje god språkstimulering til alle barn, uavhengig av bakgrunn og funksjonsnivå. Det vil vere fokus på at språklæringa skal skje i meiningsfulle samanhengar, og at språket er ein sentral faktor i læring, kommunikasjon og i å skape gode sosiale relasjonar.

Gjennom studiet lærer du om:

  • barns språktileigning og -utvikling frå 0-6 år
  • typiske trekk ved språkutviklinga hos barn som har andre førstespråk enn norsk
  • avvikande språkutvikling
  • observasjon og kartlegging av barns språk
  • å kartleggje språkmiljø
  • gode måtar å arbeide med språkstimulering i ein meiningsfull kontekst på, t.d. gjennom teikn-til-tale
  • ordlæring og språkleg medvit
  • utvikling av språkmiljøet i barnehagen
  • korleis forhold i dagens samfunn speler inn på språkmiljøet i barnehagen

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om språk og språkbruk i samfunnet som barnehagen er ein del av
  • har inngåande kunnskap om ein- og fleirspråkleg språkutvikling, og norsk som andrespråk
  • har grundig innsikt i språk- og kommunikasjonsvanskar
  • har kjennskap til kva som kjenneteikner teiknspråk og døve borns språkutvikling
  • har god kunnskap om og forståing for kva som utgjer eit godt språkmiljø i barnehagen
  • kan anvende kunnskap om språkutvikling og -læring i arbeid med språkstimulering i barnehagen der leik, høgtlesing og samtale i formelle og uformelle læringssituasjonar står sentralt
  • har god kunnskap om og innsikt i bruken av kommunikasjonsmetoden teikn-til-tale
  • har innsikt i arbeidet med kartlegging og kan vurdere kritisk ulike metodar for å kartlegge språkutvikling og språkbruk i barnehagen
  • kan legge til rette for bruken av begge skriftspråka i barnehagen, med spesielt vekt på nynorsk

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • stimulere barns språkutvikling, uavhengig av bakgrunn og funksjonsnivå
  • observere og utvikle språkmiljøet i barnehagen
  • identifisere barn med avvikande språkutvikling og kunne sette i verk relevante tiltak
  • kartlegge og observere barns språkutvikling og anvende kartlegging som grunnlag for systematisk arbeid og refleksjon rundt arbeid med barns språkutvikling
  • bruke samtale, barnelitteratur, musikk, rim, regler og andre kulturuttrykk for å stimulere til barns språkutvikling, og vise progresjon i språkstimulerande aktivitetar
  • kan setje inn tiltak, t.d. teikn-til-tale, for barn som treng ekstra støtte i si språkutvikling
  • kan nytte digitale verktøy som språkstimulering
  • inkludere dei føresette og personalet i arbeidet med å skape eit godt språkmiljø
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig og avgrensa FoU-arbeid under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i tilhøve som verkar inn på språkmiljøet i barnehagen, og kan reflektere kritisk rundt dei
  • har innsikt i verdien av språkstimulering i barnehagen og betydninga av tidleg innsats
  • kan kritisk vurdere barnehagelæraren si rolle som språkmodell og fagleg didaktisk arbeid knytt til fagområdet kommunikasjon, språk og tekst
  • har innsikt i, og kan bruke, ulike former for språkstimulering for barn med ulike føresetnader

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er eit samlingsbasert deltidsstudium. Det vil vere fire samlingar, to om hausten og to om våren. Desse samlingane strekk seg over tre dagar. Høgskulens studiestøttesystem Canvas vil bli nytta til generell og fagleg informasjon mellom lærarar og studentar, til innlevering av tekstar og til diskusjon og samarbeid mellom studentar. 

Studiet er organisert som ei blanding av samlingar, sjølvstudium, arbeid i studiegrupper og arbeid gjennomført på eigen arbeidsplass. Læringsarbeidet søkjer å knyte saman studentane sine erfaringar frå praksis med relevant teori. Det inneber òg at studentane vekslar mellom å vere mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Samlingane vil bli sett saman av førelesingar og gruppearbeid, samt studentframlegg, samtalar og erfaringsutveksling. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er krav om 80% frammøte til studentaktiv undervisning. Retningslinjer for læringsaktiviteter blir gjort kjende ved studiestart. I tillegg er det fire obligatoriske arbeidskrav som er knytt til arbeid på eigen arbeidsplass.

  1. Bruk av digitale verktøy for å formidle kunnskap om eit sjølvvald emne innan fleirspråkleg utvikling og korleis ein kan støtte borns språkutvikling og -læring. Målgruppen for formidlinga er kollegaer på studentens eigen arbeidsplass.
  2. Kartlegge språkutviklinga og sette i verk tiltak i eit inkluderande barnehagemiljø til eitt born med språkvanskar. Arbeidet skal foregå gjennom heile studieåret. Til slutt skal du skrive ein fagtekst om arbeidet.
  3. Presentasjon av god praksis frå eigen barnehage. Munnleg framlegg for medstudentar.
  4. Innlevering av prosjektskisse og utprøving av ny fagleg kunnskap gjennom eit mindre prosjekt med forskning og utvikling (FoU) på eigen arbeidsplass. Her skal du gjennomføre eit pedagogisk utviklingsarbeid med særskilt fokus på språkmiljø/språkstimulering. 

Læringsaktivitetene må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen. Godkjende læringsaktiviteter er gyldige i to år etter godkjenninga, så framt det blir nytta same læringsaktivitet i emnet.

Vurderingsform

  • Del 1: Oppgåve. Innlevering av ein skriftleg rapport frå FoU-arbeid gjennomført på eigen arbeidsplass (tel 60 % av endeleg karakter). Omfang 4000 ord +/- 10%.
  • Del 2: Munnleg eksamen i gruppe (tel 40 % av endeleg karakter). 30-45 min. Alle i gruppa får same karakter.

Begge delar må være greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, må denne delen takast som ny eksamen. Eventuell justerande munnleg eksamen er individuell.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

  • Del 1 - Oppgåveinnlevering frå FoU-arbeid: Alle hjelpemiddel er tillate.
  • Del 2 - Munnleg eksamen i gruppe: Ingen hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • MPUV501A - Spesialpedagogikk 1 - Generelle lærevanskar - Reduksjon: 15 studiepoeng