Hopp til innhald

SYKDF100 Grunnleggande sjukepleie

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet dannar eit teoretisk grunnlag for kunnskap og forståing for mennesket sine grunnleggande behov og sjukepleiaren sin helsefremmande, førebyggande, behandlande, rehabiliterande og lindrande funksjon, inkludert palliasjon.

Emnet dekker i tillegg følgande tema:

  • sjukepleieprosessen
  • sjukepleiedokumentasjon
  • personsentrert sjukepleie
  • verdiar og omgrep i sjukepleie
  • helse og sjukdom
  • mennesket sine grunnleggande behov (fysiske, psykiske, sosiale og åndelege behov)
  • motivasjon og meistring
  • stress, kriser og sorg
  • hygiene og smittevern
  • aldringsprosessen
  • sjukepleie til personar med kognitiv svikt
  • offentlege dokument og gjeldande lovverk med særskilt fokus på teieplikt og brukarmedverknad

Læringsutbytte

​Ein student med fullført emne skal ha følgande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap: Studenten…

  • har brei kunnskap om mennesket sine grunnleggande behov
  • har kunnskap om sentrale verdiar og omgrep i sjukepleie
  • har kunnskap om sjukepleiaren sin helsefremmande, førebyggande, behandlande, rehabiliterande og lindrande funksjon, inkludert palliasjon
  • har kunnskap om infeksjonsførebyggande tiltak
  • har kunnskap om aldringsprosessen
  • har kunnskap om personsentrert sjukepleie
  • har kunnskap om kvalitet og pasienttryggleik innanfor pleie- og omsorgstenesta
  • har kunnskap om gjeldande myndighetskrav innafor helse- og sosialfeltet.

 

Ferdigheiter: Studenten…

  • kan vise til fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid

 

Generell kompetanse: Studenten…

  • kan formidle sentralt fagstoff, problemstillingar og løysingar
  • kjenner til standard terminologi i  dokumentasjon av sjukepleie

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar
  • Arbeid i grupper
  • Multimodale ressursar
  • Formidling frå studentar
  • Ferdigheitstrening
  • Simulering
  • Rettleiing
  • Medstudentrespons
  • Oppgåveløysing
  • Sjølvstudium

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

1: Deltaking i studiegruppe med medstudentrespons og rettleiing. Tema: Sykepleie - fag og funksjon

2: Deltaking i studiegruppe med medstudentrespons og rettleiing. Tema: Grunnleggende behov

3: Deltaking i studiegruppe med medstudentrespons og rettleiing. Tema: Pasientfenomener, samfunn og mestring

Obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i fire semester.

Ved fravær fra obligatoriske læringsaktivitetar gjelder samme regler som for fravær i praksis jfr forskrift om studium og eksamen ved HVL.

Vurderingsform

Individuell skriftleg skuleeksamen, 4 timar. Tid og stad for eksamen blir gitt på Studentweb.

Vurderingsuttrykk:  Gradert karakterskala A til F, der A til E er bestått karakter og F er ikkje bestått karakter.

Ny eksamen gjennomføres med samme form som ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel