YV205 Kommunikasjon og norsk
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Kommunikasjonsteori og munnleg framstilling
Kommunikasjonsprosessar, mål- og mottakaranalyse, samarbeid og gruppefunksjonar, presentasjonsteknikk og retorikk
Skriftleg framstilling
Språklege verkemiddel, argumentasjon og retorikk, syntaks, pragmatikk, andre grammatiske emne, akademisk skriving og referansar, skriveprosessen, kjeldekritikk
Sjangerlære
Rapport, formelle brev og CV, møteinnkalling, instruksjon, referat, debattinnlegg, artikkel
Læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten skal ha
- kunnskap om kommunikasjonsprosessar og korleis språket kan brukast som verktøy i forhold til situasjon, mål og mottakar
- kunnskap om betydinga kulturelle element har i kommunikasjonsprosessar
- kjenner til ulike sjangrar i sakprosa og skjønnlitteratur og viktige forhold i språkutviklinga
Ferdigheter
Kandidaten kan
- definere kommunikasjonsmål og velje egna nivå og form på det som skal formidlast i forhold til mottakar og situasjon
- strukturere eigne tekstar og bruke relevante verkemiddel for form og tekstsamanbinding
- uttrykke seg skriftleg formelt korrekt, på norsk og engelsk, i ulike funksjonelle tekstar som kan vere aktuelle for ein ingeniør
- planlegge, strukturere og gjennomføre ulike former for munnlege presentasjonar på norsk og engelsk
- analysere bruken av ulike verkemiddel i skjønnlitteratur og sakprosa, saksframstilling og argumentasjon
Generell kompetanse
Kandidaten kan
- utforme klare, målretta og brukarvennlege rapportar, øvings- og prosjektdokument
- kommunisere effektivt i grupper
- planlegge og gjennomføre møter og diskusjonar
- innhente informasjon frå ulike kjelder og bruke desse kritisk i eigne arbeid
- setje opp ei kjeldeliste korrekt
- uttrykke seg skriftlig og munnleg gjennom ulike medium på norsk og engelsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar
Øvingsoppgåver i grupper og individuelt
Munnlege presentasjonar
Prosjektarbeid
Arbeid med mappe
Då dette emnet er eit opptakskrav på ingeniørutdanninga, må det vere bestått før ein kan melde seg opp til haustemna i 3. semester og fortsette på ingeniørutdanninga etter første studieår.
Obligatorisk læringsaktivitet
1 munnleg presentasjon på engelsk.
Vurderingsform
Mappe som består av 8 innleveringar. Dei 8 innleveringane skal til saman dekkje læreplanmåla beskrivne under kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i emneplanen. Minst éin innlevering skal vere ein munnleg presentasjon med videoopptak. Éin av dei skriftlege innleveringane skal vere på engelsk.
Det blir gitt framovermelding undervegs på studentsvara for kvart mappeelement. Studentane får moglegheit til å forbetre innleveringane i ein gitt periode før karakteren på mappa blir sett.
Ved stryk i mappa kan eksisterande tekstar forbetrast og leverast på nytt påfølgande semester.
Vurdering: Gradert bokstavkarakter A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel
Meir om hjelpemiddel