Hopp til innhald

Å-SAMF215 Samfunnsfag 1b

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Lærarutdanningsfaget samfunnsfag skal førebu studentane til profesjonsrolla som samfunnsfaglærar på mellom- og ungdomstrinnet, med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggjande ferdigheiter og kompetansemål på mellom- og ungdomstrinnet. Sentralt i studiet står elles arbeid med tilpassa opplæring og vurdering.

Samfunnsfagsstudiet i grunnskulelærarutdanninga er internasjonalt orientert både i innhaldet og i formidlinga av faget. Faget inneheld elles ei balansert innhaldsfordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap.

Innhald i emnet er sentrale tema i kunnskapsområda, historie, geografi og samfunnskunnskap. Det vert lagt vekt på korleis ein ved hjelp av fagdidaktikk kan formidle desse temaa i skulen.  

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap
  • har kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfaget i skulen som er særleg knytta til grunnleggjande ferdigheiter, tilpassa opplæring, vurdering og arbeidet med kompetansemål på mellom- og ungdomstrinnet
  • har kunnskap om menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar
  • har kunnskap om ideologiar, makt og politiske system
  • har kunnskap om konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv
  • har kunnskap om samspelet mellom befolkning, berekraftig utvikling, ressursar, mobilitet og globalisering
  • har kunnskap om digitale kjelder og kjeldekritikk

Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere over ulike dimensjonar ved demokratiomgrepet og legge til rette for demokratisk praksis i skulen
  • kan leie læringsprosessar med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggjande ferdigheiter og kompetansar og sikre progresjon i opplæringa
  • kan finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder for å legge til rette for gode læringsprosessar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål
  • har overblikk over periodar og utviklingsmønster, og kan gjere greie for korleis historie og kultur blir konstruert
  • kan reflektere sjølvstendig og kritisk over fagdidaktiske spørsmål knytt til opplæringa på mellom- og ungdomstrinnet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, gruppearbeid, individuelt arbeid, ekskursjonar og skriftleg arbeid.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Eit individuelt skriftleg arbeid på inntil 2000 ord som skal gje øving i akademisk skriving.
  • Ein munnleg presentasjon i gruppe knytt til eit eller fleire undervisningstema.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (éin gong) eller gjennomføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinest tre veker før eksamensperioden startar.

Vurderingsform

Skuleeksamen, 6 timar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel