Hopp til innhald

Å-SAMF315 Samfunnsfag 2a

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Lærarutdanningsfaget samfunnsfag skal førebu studentane til profesjonsrolla som samfunnsfaglærar. Dette emnet er retta mot mellom- og ungdomstrinnet med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggande ferdigheiter og kompetansemål. Samfunnsfagsstudiet byr på ei balansert fordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap. Emnet skal gi større rom for fordjuping i utvalde geografiske område, historiske epokar og samfunnsfaglege prosessar. Internasjonale emne er sentrale. Emnet tar opp vitskapleg tenkemåte og kjeldekritikk. Noko av pensum er på engelsk.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbyte:

Kunnskapar

Studenten

  • har djupnekunnskap om verdigrunnlaget og mandatet for skulen og skulen sin plass i samfunnet
  • har djupnekunnskap om sentrale føresetnadar for, og problemstillingar knytte til, statsdanning, menneskerettar, medborgarskap og mangfold
  • har djupnekunnskap om nasjonale minoritetar og urfolksproblematikk
  • har djupnekunnskap om utvalde døme på samspelet mellom ressursfordeling, demografi, globalisering og berekraftig utvikling

Ferdigheiter

Studenten

  • kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremje kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
  • kan finne, vurdere og tolke ulike typar data og kjelder, og bruke dette til å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet
  • kan planleggje, leie og vurdere læringsarbeidet for mellom- og ungdomstrinn med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggjande ferdigheiter og gi læringsretta tilbakemeldingar til elevane, tilpassa deira ulike føresetnader og behov
  • kan bruke og vurdere ulike arbeidsmåtar som stimulerar elevane til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar
  • kan leggje til rette for demokratisk praksis, utvikling av medborgarskap, samarbeid og konfliktløysing i skulen
  • kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding

Generell kompetanse

Studenten

  • kan leggje til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking og kreativitet
  • kan leggje til rette for at elevane skaffar seg overblikk over periodar og utviklingsmønster, og for refleksjon over korleis historie og kultur blir konstruert
  • kan bidra til endringsprosessar og samfunnsfagleg nytenking i skulen og involvere lokalt samfunnsliv i opplæringa
  • kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Å-SAMF115 og Å-SAMF215

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid, individuelt arbeid, ekskursjonar

Obligatorisk læringsaktivitet

Studenten skal gjennomføre tre obligatoriske læringsaktivitetar. Oppgåve og/eller aktivitet blir vidare gjort rede for i undervisningsplanen.

Ein av dei obligatoriske læringsaktivitetane i utdanninga skal knytast til profesjonsfaglig digital kompetanse i et samfunnsperspektiv.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være fullført innen fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Munnleg eksamen, 30 minutt.

Språk: Skandinaviske språk eller engelsk.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel