Hopp til innhald

BBLDPR101 Praksis 1. år deltid

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Praksis i første studieår på barnehagelærar deltid er 30 dagar. Det er ein obligatorisk del av utdanninga.

Studentene skal gjere seg kjend med innhaldet i denne planen og retningslinjene for praksisstudiet på nettsida for praksis i barnehagelærarutdanninga.

Hovudfokus: studenten si leiing av seg sjølv og barna.

Læringsutbytte

Studenten skal i løpet av første studieår få ei grunnleggjande forståing av pedagogisk leiing i barnehagen og tileigne seg kunnskap om barnehagen som lærande organisasjon. Gjennom observasjon og refleksjon skal studenten få innsyn i arbeidet som barnehagelærar. Studenten skal òg ta del i kvardagslivet i barnehagen og delta aktivt i barns leik og i samspels- og læringssituasjonar. Praksislærar skal i tillegg til å vere rettleiar, vere rollemodell. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:

  • vise evne til leiing av seg sjølv i møte med praksisbarnehagen
  • planlegge og gjennomføre faglege aktivitetar med barnegruppa og kritisk vurdere eiga pedagogisk leiing og eigen praksis
  • ta i bruk observasjon som reiskap for refleksjon over seg sjølv, barns veremåte og deira omsorgs-, leike- og læringsbehov
  • legge til rette for variert leik og utvikle gode samspelsmønster saman med barn
  • vise evne til å reflektere over kva pedagogisk leiing i møte med barn og barnegrupper inneber

Studenten skal ha tilsaman 3 leiardagar (minimum) i praksis første studieår.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Undervisnings- og læringsformer

Hovuddelen av praksis er knytt til barnehage, men 5 dagar skal ha fokus på overgangen frå barnehage til skule og SFO.

Obligatorisk læringsaktivitet

-

Vurderingsform

30 dagar rettleidd og vurdert praksis med krav om 100% frammøte.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Om praksis ikkje blir bestått kan studenten gjennomføre eit andre forsøk neste gong praksis går ordinært. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon. Studenten kan ikkje klage på karakteren i praksis.

Studenten får skriftleg sluttvurdering når alle dagane er fullført. Ved ikkje bestått må alle 30 dagane takast på nytt.

Hjelpemiddel ved eksamen

-

Meir om hjelpemiddel