Hopp til innhald

BBLPR101 Praksis 1. år

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Praksis i første studieår på barnehagelærerutdanninga er på 40 dagar. Det er ein obligatorisk del av utdanninga.

Studentene skal gjere seg kjend med innhaldet i denne planen og retningslinjene for praksisstudiet på nettsida for praksis i barnehagelærarutdanninga.

Hovudfokus: studenten si leiing av seg sjølv og barna.

Læringsutbytte

Studenten skal i løpet av første studieår få ei grunnleggjande forståing av pedagogisk leiing i barnehagen og tileigne seg kunnskap om barnehagen som lærande organisasjon. Gjennom observasjon og refleksjon skal studenten få innsyn i arbeidet som barnehagelærar. Studenten skal òg ta del i kvardagslivet i barnehagen og delta aktivt i barns leik og formelle og uformelle samspels- og læringssituasjonar. Praksislærar skal i tillegg til å vere rettleiar, vere rollemodell. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:

  • vise evne til leiing av seg sjølv i møte med praksisbarnehagen
  • planlegge og gjennomføre faglege aktivitetar med barnegruppa og kritisk vurdere eiga pedagogisk leiing og eigen praksis
  • ta i bruk observasjon som reiskap for refleksjon over seg sjølv, barns veremåte og deira omsorgs-, leike- og læringsbehov
  • legge til rette for variert leik og utvikle gode samspelsmønster saman med barn
  • reflektere over kva pedagogisk leiing i møte med barn og barnegrupper inneber

Studenten skal ha tilsaman 3 leiardager (minimum) i praksis første studieår.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Hovuddelen av praksis er knytt til barnehage, men 5 dagar skal ha fokus på overgangen frå barnehage til skole og SFO.

I Bergen vil all praksis blir gjennomført i barnehagen, men i Sogndal og på Stord skal 4-5 praksisdagar vere på ein barneskule og/eller SFO.

Obligatorisk læringsaktivitet

-

Vurderingsform

40 dagar rettleidd og vurdert praksis med krav om 100% frammøte.

Karakterskala: bestått/Ikkje bestått.

Om praksis ikkje blir bestått kan studenten gjennomføre eit andre forsøk neste gong praksis går ordinært. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon.

Studenten kan ikkje klage på karakteren i praksis.

  • Bergen: Alle 40 dagane er i barnehage, og studenten får skriftleg sluttvurdering når alle dagane er fullført. Ved ikkje bestått må alle 40 dagane takast på nytt.
  • Stord og Sogndal: vurderinga er delt i to delemne, med kvar si sluttvurdering:
    • 35-36 dagar i barnehage.
    • 4-5 dagar i skule.
    • Begge delane må vere bestått for å få bestått praksis 1. studieår. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast på nytt åleine.

Hjelpemiddel ved eksamen

-

Meir om hjelpemiddel