NORU804N Norsk 2, emne 2 - Språkmangfald og tekstmangfald
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Norsk 2 er eit vidareutdanningstilbod som finst både som samlingsbasert og reint nettbasert tilbod. Studiet byggjer på Norsk 1 for grunnskulelærarutdanninga. Norsk 2, emne 1 - Språk og litteratur i fortid og samtid går om hausten, og Norsk 2, emne 2 - Språkmangfald og teksmangfald går om våren. Studiet har fokus på å gje djup innsikt i og historisk bakgrunn for sentrale emne som er viktige på 5. -10. trinn, men med særleg fokus på ungdomstrinnet. Studentane skal vurderast i bokmål og nynorsk.
Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.
Sentralt i dette emnet står språkleg mangfald gjennom innsikt i talemålsvariasjon, sosiolektar og fleirspråklegheit, og tekstleg mangfald gjennom tekstlesing og tekstteori, der tekstane er henta frå ulike sjangrar og medium (skriftlege, munnlege og samansette tekstar; fiksjon- og fagtekstar). Emnet gir også djup innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål og eit godt grunnlag for arbeidet med læringsfremjande vurdering tilpassa norskopplæring for alle elevar. Gjennom arbeid med språk og tekstar får studentane godt høve til å vidareutvikle eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse og eiga formidlingsevne.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har omfattande kunnskap om relevante språkteoretiske og språkdidaktiske omgrep og perspektiv
- har god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk på historisk og dialektologisk grunnlag og har kjennskap til språkbruk og språkendring i dag
- har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk og har kunnskap om andre nordiske språk, også samisk
- har utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine
- har omfattande tekst- og sjangerkunnskapar om munnlege, skriftlege og samansette tekstar, både skjønnlitterære og sakprega, på nynorsk og bokmål, med vekt på teksttypar som er særleg relevante for barn og unge
- har kunnskapar om samansette tekstar og historikken til og teoriar om desse
- har kunnskapar om retorikk i munnlege og skriftlege tekstar i tradisjonelle og moderne medium
- har kunnskap om vitskapsteoretiske problemstillingar innanfor norskdidaktisk forsking
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke kunnskap om talemål og skriftspråksnormering i skriveopplæring i nynorsk og bokmål
- kan leggje til rette for og gjennomføre undervisning for elevar med norsk som andrespråk
- kan analysere, tolke og vurdere sakprosa og skjønnlitteratur for barn og unge i analoge og digitale medium
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere variert arbeid med sakprosa og skjønnlitteratur frå ulike perspektiv og ulike formål
- kan setje i gang, rettleie og vurdere skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget, kan formulere relevante kriterium for vurdering og grunngi karakterane ein set
- kan bruke og kan rettleie elevar i bruk av kjeldemateriale
- kan vurdere læringsressursar kritisk
- kan analysere relevant forsking, har gode ferdigheiter i akademisk skriving og kan analysere og formidle eit samansett fagstoff på ein overtydande måte
- kan skrive korrekt bokmål og nynorsk
Generell kompetanse
Studenten
- kan rettleie elevar i arbeidet med språkleg mangfald og tekstmangfald slik at elevane kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
- kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati
- kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Norsk 1 (NORU801N og NORU802N), 30 sp eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga skjer i stor grad som nettbaserte forelesingar i form av video, tekst og lyd. Informasjonsutveksling, rettleiing og faglege diskusjonar skjer i studiestøttesystemet Canvas og i andre digitale samhandlingsverktøy. Ein legg stor vekt på studentaktive læringsformer, der studenten er både mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Studentane arbeider med faglege og didaktiske oppgåver knytt til fagstoffet mellom undervisningsøktene. Studentane vil aktivt bruke og få kjennskap til ulike digitale samhandlingsformer ved å ta del i undervisinga og løyse oppgåver ved hjelp av digitale verktøy. Dette bidrar til å auka studentane sin profesjonsfaglege digitale kompetanse.
Ein sentral del av arbeidet vil vere knytt til eigen undervisningspraksis/eigne praksiserfaringar. Det er vidare ein føresetnad at studentane som følgjer studiet, deler kunnskapen og ferdigheitene dei tileignar seg, med lærarar i kollegiet på eigen skole.
Obligatorisk læringsaktivitet
Tre obligatoriske læringsaktivitetar i form av:
- Ei refleksjonsoppgåve
- Ein fagtekst
- Ei videoinnlevering med ein følgjetekst
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være godkjent til fastsette fristar for å få gå opp til eksamen. Vert ikkje ein læringsaktivitet godkjend ved fyrste forsøk, kan ein få eitt nytt forsøk innan ein frist fastsett av faglærar.
Dei skriftlege læringsaktivitetane skal vere på nynorsk. Dei skal vise at studentane, i tråd med læringsutbytta, kan rettleie elevar i arbeidet med språkleg mangfald og tekstmangfald slik at elevane kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile. Dessutan skal dei skriftlege læringsaktivitetane vise at studentane, i tråd med læringsutbytta, kan analysere relevant forsking og har gode ferdigheiter i akademisk skriving. Videoinnleveringa skal dessutan vise at studentane kan analysere og formidle eit samansett fagstoff på ein overtydande måte. Nærare retningslinjer vil bli gitt i Canvas.
Vurderingsform
Heimeeksamen, 5 dagar, nynorsk.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt.
Meir om hjelpemiddel