Hopp til innhald

BARN200 Avgjerdsprosessar og omsorgsvurderingar i barnevernstenesta

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Dette emnet handlar om arbeid med barn og familiar i den kommunale barnevernstenesta. Studenten skal tileigne seg kunnskap om korleis forvalte Lov om barnevern og korleis vurdere omsorgssituasjonen til eit barn gjennom meldingsavklaring, undersøking og val av hjelpetiltak. Sentrale tema i emnet er barns utvikling, omsorgs- og samspelsvurderingar i eit psykologisk og levekårsperspektiv og arbeid med etnisk mangfald i barnevernet. Emnet omhandlar vidare kunnskap om medverknad og samarbeid med barn, foreldre og andre samarbeidsinstansar, og har fokus på å videreutvikle ferdigheiter til å snakke og samarbeide med barn og deres foreldre i utsette og vanskelege livssituasjonar.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgene totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten …

  • har brei kunnskap om munnleg og skrifteleg sakshandsaming etter lov om barnevern når det gjeld melding, undersøking, hjelpetiltak og prinsippa lova byggjer på.
  • har kunnskap om relevant lovgiving innan barne- og familierett samt barnekonvensjon.
  • har kunnskap om rus og psykiske vanskar hjå foreldre, moglege årsaksforhold, uttrykk og konsekvensar for barn.
  • har brei kunnskap om samspel og utviklingsstøttande omsorg.
  • har brei kunnskap om barnevernets samarbeid med barn, foreldre, nettverk og offentlege tenester.
  • har kunnskap om korleis levekår og fattigdom kan ha konsekvensar for barns oppvekst og utvikling, og om barnevernsarbeid i etnisk og kulturelt mangfald.
  • har kunnskap om ulike hjelpetiltak som bidreg til positiv endring hos barnet eller i familien.
  • har kunnskap om skjønn i barnevernets avgjerdsprosess.
  • har kunnskap om etiske dilemma, og medvit om uheldige maktforhold i arbeid med barnevernssaker.

Ferdigheiter: Studenten…

  • kan anvende forskningskunnskap, erfaringskunnskap og kunnskap fra barn, unge og foreldre som grunnlag for å ta ei avgjerd i tråd med barnets beste.
  • kan arbeide systematisk og målretta med melding, undersøking og hjelpetiltak.
  • kan kommunisere og samarbeide med barn, unge og føresette på en måte som fremmer individuell og kollektiv medvirkning i barnevernssaker.
  • kan reflektere kritisk over eige arbeid, kan grunngje og dokumentere fagleg skjønn og utforme vedtak etter Lov om barnevern.
  • kan samarbeide med andre instansar om hjelp til barn, unge og deira familiar.
  • kan vise fleirkulturell forståelse og kultursensitivitet i kontakt med barn og deira familiar.

Generell kompetanse: Studenten…

  • kan bruke kunnskap og erfaringar i barnevernsfagleg arbeid på en etisk og fagleg forsvarleg måte, og formidle faglege vurderinger munnleg og skriftleg.
  • kan bruke flerfagleg nasjonal og internasjonal kunnskap, ferdigheiter og erfaringer til å møte barn, unge og familiar i ein utsett livssituasjon med forståing, empati og anerkjenning.

Krav til forkunnskapar

Alle emne frå 1.semester (BARN100, BARN110 og BARN120) og BARNP1 må vere bestått for å starte 2. studieår.

Undervisnings- og læringsformer

Studentaktive undervisingsformar for læring vektleggjast. Studentane skal gjennom bruk av videoførelesningar og seminar få erfaring med skriftleg sakshandsaming. Andre formar for undervisning er førelesningar, møte med brukargrupper og praksisfelt, arbeid i grupper/oppgåveseminar med ferdigheitstrening og rettleiing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. 80% deltaking i studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning og gruppearbeid knytt til ferdigheitstrening i omsorgsvurdering, og dokumentskriving i barnevernssaker i møte med barn og familier i utsette livssituasjonar.
  2. Skriftleg individuell innlevering av eit vedtaksdokument ved gjeldande mal for slike vedtak i praksisfeltet, innan gitt frist.

Studentane kan levere revidert versjon av vedtaksdokumentet ein gong.

Godkjende læringsaktivitetar er gyldig i tre semester

Vurderingsform

Munnleg eksamen, 30 minutt. Studenten trekk ei kasusskildring. Etter gjennomlesing skal studenten gjere ei analyse og grunngje val og avgjerder for eksamenskommisjonen.

Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er bestått karakterar og F er ikkje bestått.

Ny eksamen Ny eksamen vert gjennomført med same form som ordinær eksamen

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovsamling

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BS5-201 - Kommunalt barnevern - Reduksjon: 7,5 studiepoeng