BARN300 Arbeid med barn og familiar i krevjande livssituasjonar
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet handlar om arbeid med barn og unge i krevjande livssituasjonar og deira familiar, med hovudvekt på arbeid i barnevernsinstitusjon. Emnet viser korleis barnevernspedagogen kan ta i bruk både nasjonal og internasjonal kunnskap frå psykologi og pedagogikk, systemiske, økologiske og mangfaldsperspektiv til å hjelpe barn og unge i samarbeid med familien eller i miljøterapeutisk arbeid. Tverrprofesjonelt samarbeid vil også vere eit sentralt tema. Emnet tek for seg kva smerteuttrykk barn og unge sine erfaringar kan føre med seg, og korleis desse kan møtast med traumebevisst omsorg og andre endringstiltak. Studentane øver seg i å reflektere over ulike forståingsmåtar, og velje miljøterapeutiske tilnærmingar og samtaleformer som kan vere tenleg for det enkelte barn i familien eller på institusjon. Tema ungdom og rus, psykisk helse og moglege problemskapande samanhengar, uttrykk og konsekvensar inngår i emne. Like eins strafferett og tvangslovgjeving innan psykisk helse og rus.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha fylgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten…
- har brei og fleirfagleg kunnskap om rus, psykisk helse og moglege problemskapande samanhengar, uttrykk og konsekvensar.
- har brei kunnskap om utviklingstraumer hjå barn og unge, samspel og utviklingsstøttande omsorg.
- har kunnskap om og kan vurdere risiko for uynskte hendingar og kjenne til metodar for å følgje dette opp systematisk.
- har brei kunnskap om familie- og nettverksarbeid.
- har kunnskap om ulike metodar og tiltak innan miljøterapeutisk arbeid med utsette barn og unge på institusjon.
- har kunnskap om korleis ivareta profesjonsutøvar i komplekst barnevernsfagleg arbeid
- har kjennskap til strafferett, tvangslovgjeving i Lov om psykisk helsevern og Lov om kommunale helse- og omsorgstenester.
- har brei kunnskap om tverrfagleg, tverretatleg og tverrprofesjonelt samarbeid om barn og familiar i krevjande livssituasjonar.
Ferdigheiter: Studenten…
- kan anvende nasjonal og internasjonal forskning, fleirfagleg kunnskap og kunnskap frå barn og unge til å vurdere barnets beste i miljøterapeutisk arbeid på institusjon og arbeid i familien.
- kan sikre krenka og traumeutsette barn og unge eit godt og tilpassa omsorgstilbod gjennom traumebevisst omsorg.
- kan samarbeide tverrfagleg og tverretatleg om barn og familiar i krevjande livssituasjonar og med samansette vanskar.
Generell kompetanse: Studenten…
- kan bruke kunnskap, ferdigheiter og erfaringar til å møte barn, unge og familiar i ein utsett livssituasjon med forståing, empati og anerkjenning.
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere endringstiltak i familien og på institusjon for barn og unge i krevjande livssituasjonar og med samansette vanskar.
- har innsikt i etiske problemstillingar knytt til forholdet mellom maktutøving og barns medverknad.
- kan anvende kunnskap og kompetanse til å initiere og leie tverrfagleg, tverretatleg og tverrprofesjonelt samarbeid i møte med barn og familiar i krevjande livssituasjonar og med samansette vanskar.
Krav til forkunnskapar
Alle emne første og andre studieår må vere bestått.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisningsformer i dette emnet er førelesingar, gruppearbeid og skriftleg arbeid.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
1. 80% deltaking i undervisning som er relatert til gruppearbeid og til ferdighetstrening.
2. Ei individuell skriftleg oppgåve innan gitt frist. Omfang 1500 ord +/- 10%. Munnleg tilbakemelding frå lærar og medstudentar i grupper.
Godkjende læringsaktivitetar er gyldig i 3 semester.
Vurderingsform
Skuleeksamen utan hjelpemiddel, 5 timar.
Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.
Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått
Ny eksamen Ny eksamen vert gjennomført med same form som ordinær eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovsamling.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- BVP5-205 - Kommunikasjonskompetanse, ungdom og marginalisering - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- BVP5-312 - Forskingsmetode, psykisk helse og barnevern - Reduksjon: 7,5 studiepoeng