BARN390 Bacheloroppgåve
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet er ei fagleg fordjuping i eit tema som vert godkjent av høgskulen. Tema skal vere relatert til ei profesjonsrelevant problemstilling innan barnevernpedagogens fagområde. Studentane formar eit prosjekt der problemstillinga skal drøftast i eit teoretisk og praktisk perspektiv og der studenten skal vise analytisk kompetanse og etisk refleksjon. Det er i tillegg ei målsetjing at studenten skal meistre formelle og metodiske krav til eit fagleg arbeid av slikt omfang.
I emnet blir det undervist i oppgåveskriving, litteratursøk og kjeldekritikk og det vert gitt rettleiing individuelt og i gruppe knytt til skriving av oppgåva.
Bacheloroppgåva skal skrivast i tråd med Rettleiar for bacheloroppgåve ved FHS. Ein rettleiaravtale skal lagast i starten av arbeidet med bacheloroppgåva. Avtalen skal signerast av student og rettleiar.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgene totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten...
- har brei kunnskap om forsking- og utviklingsarbeid med relevans for barnevernets arbeidsområde.
- har kjennskap til relevante forskingsdatabasar innan barnevernets arbeidsområde.
- kjenner til metodiske krav og forskingsetiske retningslinjer i vitskapleg arbeid.
Ferdigheiter: Studenten...
- kan utvikle og drøfte ei praksisrelevant problemstilling.
- kan finne, kritisk vurdere og vise til kjelder slik at desse kastar lys over ei profesjonsrelevant problemstilling.
- kan reflektere over forskingsetiske problemstillingar i eige prosjekt.
Generell kompetanse: Studenten...
- kan planlegge, disponere og gjennomføre skriving av ei akademisk oppgåve med profesjonsfagleg relevans i tråd med akademiske krav og etiske retningsliner.
- kan analysere, drøfte og formidle profesjonsfagleg relevante problemstillingar på ein kritisk reflektert måte.
Krav til forkunnskapar
Alle emne frå fyste og andre studieår må vere bestått, og alle obligatoriske læringsaktiviteter i emne BARN300, BARN310 og BARN320 må vere godkjent for å levere bacheloroppgåva.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, lærarstyrt oppgåveseminar og sjølvstudium. Oppgåva kan skrivast individuelt eller i gruppe med to studentar, og kvar student/gruppe får tilbod om fire (4) timar rettleiing.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatorisk læringsaktivitet må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Godkjent prosjektplan. Omfang inntil 1500 ord
- Deltaking i oppgåveseminar
- Vere opponent på ein annan student sin tekst i oppgåveseminaret
- Fire timar rettleiing, der den eine er knytt til oppgåveseminaret
Godkjende obligatoriske læringsaktivitetar er gyldig i 3 semester.
Vurderingsform
Oppgåve Bacheloroppgåva skal vere på 8.000 ord (+/- 10%). Tittelside, innhaldsliste, samandrag, referanseliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg.
Bacheloroppgåva skal synliggjere i kva grad studenten oppnår læringsutbyte for emnet, og i kva grad studenten nyttar vitskapeleg metode og kan jobbe systematisk med ein fagleg problemstilling.
Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.
Ny eksamen Ved ikkje bestått (karakter F) leverer studenten omarbeidd, skriftleg besvarelse til ny eksamen i påfølgande semester.
Det er ikkje høve til å forbetre karakter på ei bestått bachelor- eller masteroppgåve innafor same studieprogram. Det kan gjerast unntak viss studenten skriv heilt ny oppgåve med ny problemstilling.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle. Det vert køyrt plagiatkontroll.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- BSV5-300 - Bacheloroppgåve - Reduksjon: 15 studiepoeng