BBLDPR201 Praksis 2. år deltid
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Praksis i andre studieår på barnehagelærarutdanning deltid er på 30 dagar. Det er ein obligatorisk del av utdanninga.
Studentene skal gjere seg kjend med innhaldet i denne planen og retningslinjene for praksisstudiet på nettsida for praksis i barnehagelærarutdanninga.
Hovudfokus: studenten si leiing av barn og medarbeidarar.
Læringsutbytte
Studenten skal i løpet av andre studieår få gjere seg erfaringar med samarbeid med både føresette, personale og samarbeidspartnarar, leie aktivitet med barn og øve seg i å leie medarbeidarar i barnehagen. Dette inneber blant anna å utvikle eigen rettleiarkompetanse og å reflektere over rettleiinga sin plass i barnehagen. Studenten skal òg tileigne seg større forståing for barnehagen som læringsmiljø og danningsarena og barnehagelærarens rolle og ansvar for å gje barn varierte erfaringar. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:
- vise evne til å reflektere over kva pedagogisk leiing i møte med barn og barnegrupper inneber
- vise evne til å stå fram som ein reflektert pedagogisk leiar og fagperson
- leie og rettleie barnehagepersonalet i aktivitetar med barnegrupper og kritisk vurdere eiga pedagogisk leiing og eigen praksis
- vise relasjonskompetanse og kunne reflektere kritisk over eiga rolle i kommunikasjon og samarbeid med føresette og kollegaer
- reflektere over barnehagen som leike-, lærings- og danningsarena
Studenten skal ha 4 leiardager (minimum) i praksis 2. studieår.
Krav til forkunnskapar
Praksis første studieår (BBLDPR101) må vere bestått for at du kan starte denne praksisperioden.
Undervisnings- og læringsformer
All praksis blir gjennomført i barnehage.
Obligatorisk læringsaktivitet
-
Vurderingsform
30 dagar rettleidd og vurdert praksis med krav om 100% frammøte.
Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.
Om praksis ikkje blir bestått kan studenten gjennomføre eit andre forsøk neste gong praksis går ordinært. Alle 30 dagane må takast på nytt. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon.
Studenten kan ikkje klage på karakteren i praksis.
Hjelpemiddel ved eksamen
-
Meir om hjelpemiddel