Hopp til innhald

BI435 Landskapsøkologi

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

I dette emnet lærer du om idear, perspektiv og spørsmål fra landskapsøkologi, og korleis ein kan bruka landskapsøkologi i arealplanlegging og -forvaltning. Viktige tema som går igjen er: skala, landskapsstruktur, landskapsdynamikk, fragmentering og konnektivitet. Innhaldet i emnet kan delast inn under: (1) økologiske prosessar og mønster i landskapet, (2) verktøy for å beskriva og forstå desse og (3) anvendingar for å ta vare på naturverdiar gjennom arealplanlegging og -forvaltning.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten skal:

  • kunne forklare korleis romleg mønster påverkar økologiske prosessar hos dyr og planter.
  • kunne forklare korleis skala påverkar vår forståing av økologiske prosessar og mønster.
  • kunne samanlikne naturlege og menneskelege årsaker til landskapsmønster og -dynamikk.

Ferdigheiter

Studenten skal:

  • kunne analysere landskapsmønster og -dynamikk kvantitativt.
  • kunne tolke resultat frå landskapsøkologiske studiar og nytte kunnskapen frå desse i arealplanlegging og -forvaltning.

Generell kompetanse

Studenten skal

  • kunne grunngi val i arealplanlegging og -forvaltning ut frå landskapsøkologiske prinsipp og empiri.
  • kunne reflektere over landskapet som et komplekst system og utfordringane denne kompleksiteten byr på i arealplanlegging og -forvaltning.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav.

Tilrådde forkunnskapar

Det er ei føremon med grunnleggende kunnskaper i økologi, geografiske informasjons system (GIS) og statistikk.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, øvingar, studentpresentasjonar av vitskaplege artiklar, problembasert læring, prosjektoppgåve, ekskursjon.

Obligatorisk læringsaktivitet

Tre obligatoriske læringsaktivitetar i form av:

  • godkjend obligatorisk deltaking på ekskursjon og temadag
  • gruppepresentasjon av ein vitskapleg artikkel
  • godkjend prosjektoppgåve

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være godkjende til fastsette fristar for å få gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Skuleeksamen, 4 timar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel