Hopp til innhald

BIDR202 Coaching og trenarrolla

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet coaching og trenarrolla skal gje studentane grunnlag for å kunne utøve bevisst leiarskap i rolla som trenar/leiar/instruktør/rettleiar/idrettspedagog. Første del av emnet bygger vidare på kunnskap om læringsteori, pedagogikk og kommunikasjon som studentane har tileigna seg i emnet Pedagogikk og coaching første studieår.

Andre del av emnet gir innsikt i leiing- og læringsteori med særleg relevans for idrettsfeltet. Studentane skal utvikle refleksjonsevne som trenar, coach og leiar. Studentane skal styrke si bevisstheit knytt til trenar- og rettleiarrolla. Fokus vil vere å gje studentane meir kunnskap om læringsteori, kommunikasjon og coaching.

Studentane skal jobbe aktivt med teoriar og metodebeskrivingar frå førelesningane i ulike praktiske settingar og kunne reflektere over si eiga faglege utøving i møte med andre.

Praksis knytt til emnet er ein punktpraksis med eit omfang på totalt 20 timar. Det vert forventa at studentane finn praksisplassar sjølve og avtaler passande dagar / timar / veker med praksisrettleiar. Studentane vert oppfordra til å gjennomføre praksis i eit idrettslag / gruppe for å jobbe med eit team av idrettsutøvarar eller individuelle idrettsutøvarar.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • kan legge fram og reflektere rundt teoriar om leiing, læring og kommunikasjon med relevans for coaching og instruktør-/ /rettleiarrolla innan idrett og trening
  • har pedagogisk kunnskapsgrunnlag som mogleggjer bevisste refleksjonar og vurderingar for planlegging, tilrettelegging, gjennomføring og evaluering av idrett- og treningsaktivitet
  • har brei forståing av teoriar og metodar knytt til idrett og coaching

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, leie og evaluere trening for ulike grupper og idrettar i praksis
  • kan gjennomføre og vurdere kvaliteten i kommunikasjon knytt til idrett, læring og coaching
  • kan presentere og diskutere sentrale element i treningsprosessen for utøvarar på ulike alderstrinn og nivå
  • kan reflektere over si eiga faglege utøving og kva kunnskap som er nødvendig for å undervise, leie, coache og rettleie andre

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjennomføre og leie aktivitet ut ifrå teoriar om læring, kommunikasjon og leiing med relevans for coaching og instruktørrolla innan idrett og trening
  • kan drøfte dagsaktuelle coachingutfordringar i samband med barne-, ungdoms- og vaksenidretten

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

IDF103 Pedagogikk og coaching

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til førelesingar, praksis, gruppe- og individuelt arbeid. Emnet inneheld både teoretiske og praktiske timar med fokus på studentaktive læringsformer.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Parvis utprøving av coachingssamtaler med skriftlig refleksjonsnotat
  • Praksis og praksislogg

Desse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytta om å kunne gjennomføre og vurdere kvaliteten i kommunikasjon knytt til idrett, læring og coaching, samt reflektere over si eiga faglege utøving. Vidare er dei knytt opp til kva kunnskap som er nødvendig for å undervise, leie, coache og rettleie andre, samt å kunne gjennomføre og leie aktivitet ut ifrå teoriar om læring, kommunikasjon og leiing med relevans for coaching og instruktørrolla innan idrett og trening.

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen, 5 dagar

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel tillate.

Meir om hjelpemiddel