Hopp til innhald

BRL106 Friluftsliv og naturguiding vinter II

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Gjennom teori og ekskursjonar skal studentane tileigne seg grunnleggande kunnskap og erfaring knytt til trygg ferdsel og opphald i naturen vinterstid, ofte med ski på beina. Dette emnet byggjar på Friluftsliv og naturguiging vinter I, og i denne delen held vi oss hovudsakeleg i høgfjellet.

Under ekskursjonane arbeider vi med å skape trivsel i gruppa gjennom gode leir- og ferdselsrutinar. Planlegging og pakking av mat vil være en del av turplanlegginga. Kartforståing, bruk av kompass og enkel bruk av GPS som verktøy med forståing av kartkoordinatar er også sentralt i emnet.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten skal ha:

  • kunnskap om formidling av vinterfriluftsliv.
  • kunnskap om tradisjonelt (nordisk) vinterfriluftsliv i høgfjellet.
  • kunnskap om leirliv, mat, ferdselsmønster og rutinar i høgfjellet vinterstid.
  • kunnskap om spesielle risikomoment om vinteren i høgfjellet, til dømes kulde og faren for snøskred.

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • formidle ferdigheter og verdier knyttet til vinterfriluftsliv.
  • planlegge og gjennomføre tur etter evne vinterstid i høgfjellet med fokus på læring og trivsel.
  • orientere seg i vinterfjellet både ved hjelp av kart, kompass og GPS.
  • gjenkjenne skredterreng, og planlegge trygge skiturer.
  • bruke relevant utstyr, etablere gode leirplasser, rutiner for god ferdsel.
  • overnatte i telt og i snøen som del av ferdsel over fleire dager

Generell kompetanse

Studenten skal:

  • kunne vurdere sikkerhet i høgfjellet vinterstid.
  • kunne reflektere kritisk rundt korleis ein kan skape gode naturopplevingar for grupper vinterstid.

Krav til forkunnskapar

Gjennomført og bestått emnet BRL105, Friluftsliv og naturguiding vinter 1.

Tilrådde forkunnskapar

Vere forberedt på overnatting ute og kunne bere eige utstyr på ekskursjonar.

Undervisnings- og læringsformer

Noko teori vil bli formidla som førelesningar, men undervisnings og læringsformene i dette emnet vil i stor grad gå føre seg utandørs og knytast til praktisk erfaring.

Refleksjonsnotat blir brukt i samband med ekskursjonar.

Ekskursjoner:

  • Vintertur, 4-6 dager
  • Egenferd på snø, 3-5 dager

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Aktiv deltaking på ekskursjonar (planlegging, gjennomføring, og evaluering)
  • Obligatorisk oppmøte til all praktisk undervisning
  • Refleksjonsnotat knytt til eiga læring etter kvar tur
  • Gjennomføre og bestå oppgåve knytt til praktisk formidling for ei gruppe vinterstid

Alle arbeidskrav skal være bestått for å kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Individuell, praktisk-metodisk eksamen, gradert karakter (A - F).

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen.

Meir om hjelpemiddel