BØ6-2007 Vidaregåande finansrekneskap
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet gir ei grundig innføring i det teoretiske fundamentet for finansrekneskapet. Emnet tek opp sentrale begrep, prinsipp og reglar i god rekneskapsskikk (GRS) og internasjonale rekneskapsstandardar (IFRS).
Emnet byggjer på studentane sine kunnskaper frå tidlegare rekneskapskurs, men tek i større grad utgangspunkt i grunnleggjande teori. Det vert trekt parallellar mellom norsk og internasjonal rekneskapsregulering, inkludert konseptuelle rammeverk.
Emnet gir og ei innføring i konsernrekneskap.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Studenten
- Har forståing for og kan reflektere over brukergruppene sine informasjonsbehov
- Har forståing for og kan reflektere over resultat- og balanseorientering
- Har forståing for og kan reflektere over det konseptuelle rammeverket til IFRS
- Har forståing for og kan reflektere over det teoretiske grunnlaget for dei grunnleggande rekneskapsprinsippa og god rekneskapsskikk
- Har forståing for og kan reflektere over internasjonal rekneskapsutvikling
- Kjenner formålet med og hovudprinsippa ved utarbeiding av konsernrekneskap
Ferdigheiter:
Studenten
- Kan nytte kunnskapen på praktiske rekneskapsproblemstillingar
Generell kompetanse:
Studenten
- Kan tileigne seg oppdatert kunnskap på området
- Kan formidle sentralt fagstoff
- Kan utveksle synspunkt og røynsler med andre fagpersonar
Krav til forkunnskapar
BØA117 Finansrekneskap med analyse eller tilsvarande
Tilrådde forkunnskapar
BØ6-2003 Årsrekneskap i praksis eller tilsvarande
Undervisnings- og læringsformer
Undervisning vil være forelesingar med oppgåveløysing.
Obligatorisk læringsaktivitet
To skriftlige arbeidskrav. Godkjente arbeidskrav er alltid gyldige.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen 4 timer. Eksamen kan bli gjennomført på digitalt eksamenssystem.
Karakterskala A-F (der F er ikke bestått)
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator, Norges lover.
Lovdata pro i eksamensmodus (med dei innarbeidingar som Lovdata har tillate, og med tilgang på alle lover, forarbeid, forskrifter, rettspraksis frå Høgsterett og lagmansrettane, og alt av EØS- og EU-rettskjelder, med mindre emneansvarleg har fastsett noko anna).
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- BØ6-2000 - Finansrekneskap 2 - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
- ØKB3118 - Rekneskapsteori - Reduksjon: 6 studiepoeng