DKB801 Digital kompetanse i barnehagen
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Vidareutdanninga Digital kompetanse i barnehagen legg opp til ei leiken, undrande og utforskande tilnærming til bruk av digitale verktøy i det pedagogisk arbeidet. Studiet er på masternivå. Dette er eit studietilbod i praktisk og didaktisk bruk av ulike typar teknologi i pedagogisk arbeid for og med barn, og har som mål å utvikle barnehagelærarar sine profesjonsfaglege digitale ferdigheiter. Studiet gir spesialisert fagdidaktisk kunnskap om digitale verktøy, og stor variasjon i innhald og oppgåver for å tangere fleire ulike fagområde i barnehagen. Studentar får opplæring i eit utval av digitale verktøy som både kan brukast av tilsette i barnehagen for å skape eit miljø for leik og læring, og som barna kan bruke for å uttrykke seg og leike. Undervisninga og praktisk arbeid på eigen arbeidsstad skal konkretisere rammeplanen sitt føremål om digital praksis i fleire ulike fagområde.
Studiet startar med fordjuping innan profesjonsfagleg digital kompetanse og refleksjon over etiske dilemma og digital dømekraft. For å fremje det tverrfaglege potensialet i ulike konkrete digitale verktøy og arbeidsmåtar, skal kvar av dei utforskast i lys av fleire ulike fagområde. Disse arbeidsmåtane og verktøya kan inkludere digital forteljing, podkast, programmering, foto- og video-behandling, animasjon og digital musikkskaping. Arbeidsmåten i studiet gir studentane praktisk erfaring med refleksiv praksis.
Innhald:
- Forståing av relevante omgrep som digital dømmekraft, digital praksis, digital kompetanse og barns gryande digitale dømmekraft
- Innsikt og kjennskap til relevante teoretiske perspektiv innan digital praksis og digital kompetanse i barnehagen
- Opparbeide kunnskap om personvern, informasjonstryggleik, opphavsrett, kjeldekritikk og tenleg bruk av digital teknologi i barnehagen.
- Rammeplan for barnehagen kapittel 8, arbeidsmåtar og fagområdet natur, miljø og teknologi
- Barns leik og mediekultur
- Kunnskap og ferdigheiter i korleis ta i bruk digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet i barnehagen
- Erfaring med å legge til rette for pedagogiske leik- og læringsaktivitetar som inkluderer digitale verktøy
- Kunnskap om å bruke digitale verktøy for å arbeide med dokumentering og vurdering i barnehagen
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgende læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har inngåande kunnskap og teoretiske perspektiv innan digital praksis og digital kompetanse i barnehagen
- har omfattande forståing av digital dømmekraft, digital praksis og barnehagelærar sin profesjonsfaglege digitale kompetanse
- har inngåande kunnskap om barn sin leik, mediekultur og digitale dømmekraft
- har kunnskap om personvern, informasjonstryggleik, kjeldekritikk, opphavsrett, universell utforming og teneleg bruk av digital teknologi i barnehagen
- har spesialisert fagdidaktisk kunnskap om ulike digitale verktøy og bruken av dei
Ferdigheiter
Studenten
- kan utforme faglege og pedagogiske aktivitetar i barnehagen som kombinerer digitale verktøy med analoge materiale i ein heilskap som stimulerer barns utforsking, leik og læring
- kan bruke og vurdere digitale verktøy for å arbeide med dokumentering og vurdering av det pedagogiske arbeidet barnehagen
- kan nytte og vurdere pedagogisk programvare og spel retta mot barn for å nå pedagogiske mål
- kan spesialisere eigen profesjonsfaglege digital kompetanse
- kan lage medieproduksjonar åleine og saman med barn
Generell kompetanse
Studenten
- kan sjå teknologi som eit verktøy som har verdi i arbeid med barn
- kan utvikle, leie og vurdere pedagogiske leik- og læringsaktivitetar som inkluderer digitale verktøy
- bidrar med individuell og kollektiv kompetanseutvikling på eigen arbeidsplass
- kan forholde seg kritisk og reflektert til bruk og innhold av digitale verktøy og programvare
- kan rettleie og leie barn, føresette og tilsette i deira møte med digital teknologi i og utanfor barnehagen.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Tilbodet er ein del av satsinga Kompetanse for framtidas barnehage. Studiet går over to semester og er eit reint nettbasert studium. Studiet inkluderer sjølvstendig- og gruppearbeid med nettbaserte ressursar og digitale verktøy som form av asynkron undervisning. Dette supplerast med nettsamlingar som gjennomførast i form av temabaserte webinar, digitale verkstadar og rettleiing.
Studiet blir lagt opp med asynkront lærestoff og øvingsoppgåver.
Studiet stiller krav til den enkelte student om sjølvstendig arbeid og aktiv tilnærming til problemstillingar, samt at ein aktivt søkjer kunnskapsutvikling og samarbeid med andre studentar og kollegaer på sitt arbeidsplass. Studiet vektlegg læringsformer som asynkrone forelesingar, webinar, diskusjonar, øvingsoppgåver, utprøving av oppgåver saman med barn, prosjektarbeid, studentpresentasjon og basisgruppearbeid.
Du vil få ei innføring i bruken av Høgskulen på Vestlandet sin digitale infrastruktur. Dette inkluderer læringsplattforma Canvas og medieplattformer som Panopto og Zoom.
For sjølvstendig arbeid og utprøving ynskjer vi at du har tilgang til nokre spesifikke digitale verktøy i din barnehage.
Obligatorisk læringsaktivitet
I løpet av studiet skal studenten delta på synkrone digitale samlingar, om lag ein dag pr månad. Desse samlingene vil innehalda webinar, gruppearbeid, framleggingar, verkstad og diskusjonar. Studentane skal gjennomføre eit utviklingsarbeid på eigen arbeidsstad. Utviklingsarbeidet skal innehalde praktiske utprøvingar og danne grunnlag til mappevurdering seinare.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane er knytte til emnet sine læringsutbytte. Emnet har tre obligatoriske læringsaktivitetar:
1. Gjennomføre utviklingsarbeid på eigen arbeidsstad med obligatorisk rettleiing i forkant.
2. Deltaking på synkrone nettsamlingar.
3. Fem individuelle arbeid med å gjennomføra og levera praktiske digitale og praksisrelevante oppgåver som førebuing til nettsamlingane.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere gjort til fastsette fristar og godkjent av faglærar før ein kan gå opp til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet ikkje blir godkjent, har studenten eitt nytt forsøk same semester. Obligatoriske læringsaktivitetar som ikkje er godkjent kan takast på nytt neste semester.
Vurderingsform
Mappevurdering som består av tre mappeelement:
- Mappelement 1 er knytt til studenten sine praktiske digitale ferdigheiter og produkt (vekting 30%).
- Mappeelement 2 er ein prosjektrapport som viser studenten sin evne til å bruke profesjonsfagleg digital kompetanse til å utvikle, gjennomføre og evaluere pedagogiske aktivitetar og prosessar i lag med barn og kollegaer i barnehagen (vekting 50%).
- Mappeelement 3 syner studenten sin refleksjon over utvikling av eigen profesjonsfagelege digitale kompetanse gjennom valfrie modaliteter (vekting 20%).
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Ved ikkje bestått kan det leverast forbetra versjon av mappa til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel