ENU801N Engelsk 1, emne 1 - Engelsk språk, litteratur og kultur med fagdidaktikk 1
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Engelsk 1 for 5.-10. trinn består av to emne på 15 studiepoeng: Engelsk 1, emne 1 og Engelsk 1, emne 2. Dette er emne 1.
Emneskildringa for engelsk bygger på Nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanning 5.- 10. trinn fastsett av Kunnskapsdepartementet 17. oktober 2018, og gjeldande læreplanverk for engelsk LK20.
Studiet rettar seg mot lærarar i grunnskulen, mellom- og ungdomsskuletrinnet, som manglar formell kompetanse i engelsk frå før.
Studiet er heilt nettbasert, og føregår både synkront og asynkront. Gjennom dette vert det nytta ulike digitale ressursar og arbeidsmåtar i faget, som legg vekt på studentaktive læringsformer. Kandidatane får òg høve til å prøva ut relevante digitale ressursar i klasserommet, og gjennom erfaringar med desse, refleksjonar, drøftingar med undervisarar, medstudentar og kollegaer i tillegg til ei teoretisk tilnærming, vil studiet auka den profesjonsfaglege digitale kompetansen til kandidatane generelt, og innanfor engelskfaget spesielt.
I studiet inngår tur til Det norske studiesenteret i York. Turen tilbys som en del av undervisningen i dette emnet, men er ikke obligatorisk. Det vil derfor bli tilbudt et alternativt opplegg for de som velger ikke å dra. Reiseutgifter, opphold og kursavgift betales av den enkelte student. Se https://www.york.ac.uk/nsc/short-courses/
Engelsk 1 for 5-10 gir innføring i språkopplæring og fagdidaktikk og gir vidare innføring i eit rikt og variert utval av tekstar både til personleg og fagleg vekst og til bruk i undervising på mellom- og ungdomstrinnet. Emnet omfattar kunnskap om det engelske språkets grammatiske og fonologiske struktur og utvikling av eigen språkferdighet, tekstkompetanse og aktivt ordforråd. Kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling, er sentrale tema. Språket si kulturelle forankring er også ein del av emnet. I tillegg blir det lagt vekt på varierte aktivitetar og oppdaterte metodar for engelskopplæringa i grunnskulen.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har grunnleggande kunnskap om lydsystemet i engelsk, ordtilfanget og språket sin grammatiske struktur
- har kunnskap om engelsk som verdsspråk og utviklinga av engelsk som kontaktspråk for menneske frå ulike land og kulturar og betydninga for internasjonalisering innan utdanning og arbeidsliv
- har kunnskap om samfunnsliv, historie og kulturuttrykk i utvalde engelsktalande land
- har grunnleggande kunnskap om dei unge si språklæring frå eit andrespråksperspektiv samt nokre strategiar og metodar som fremmer språkutvikling
- har kjennskap til sjangrar og deira sentrale kjenneteikn, samt normer for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk og personvern
- har innsikt i arbeidet med å utvikle dei grunnleggande ferdigheitene i engelskfaget
- har kjennskap til læreplan for engelskfaget i skulen og forholdet til det europeiske rammeverket for språk
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke fagkunnskapen didaktisk og reflektert knytt til gjeldande læreplan for trinna 5-10, kritisk vurdere eiga undervising og dele kompetanse i kollegiet
- kan bruke engelsk sikkert og funksjonelt munnleg og skriftleg, tilpassa målgruppa og ulike situasjonar, og vere ein god språkmodell for elevane
- kan bruke kunnskapar om engelsk lydlære og grammatikk i rettleiinga av elevar
- kan analysere, velje ut og legge til rette for barn og ungdom sitt arbeid med engelskspråklege tekstar i ulike sjangrar
- kan utforske levesett, samfunnsliv, historie og kulturuttrykk i nokre engelsktalande land sett i relasjon til eigen kultur, med hovudvekt på skriftlege, munnlege og samansette tekster for barn
- kan legge til rette for eit trygt læringsmiljø med variert, differensiert og meiningsfylt læringsarbeid som fremmer djupnelæring, og vidareutvikle dei grunnleggande ferdigheitene for alle elevar, bl.a. ved pedagogisk bruk av digitale læringsverktøy.
- bruke digitale verktøy i arbeidet med å fremja språklæring og formidling av fagstoff
Generell kompetanse
Studenten
- har god kompetanse i engelsk
- kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk
- kan reflektere over si rolle som engelsklærar med omsyn til etiske grunnverdiar og skulen sitt ansvar for born og unge sin personlege vekst og faglege utvikling
- kan identifisere problem knytt til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
- kan vedlikehalda og utvikla eigen språkleg og didaktiske kompetanse og bidra til fagleg utvikling og nytenking
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studiet er heilt nettbasert, og går over to semester. Canvas blir brukt som kommunikasjonssystem og læringsplattform. Samlingane er nettbasert, det vert synkron og asynkron undervising, og det er samlingar ein gong i veka gjennom semesteret. Det kan òg bli lagt opp til nettbasert seminararbeid, og arbeidskrav vert levert over nett. I tillegg må ein rekne med gruppe- og individuelt arbeid på nett.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Ei språkoppgåve
- Eit litterært essay
Det vil bli gitt retningslinjer for dei obligatoriske læringsaktivitetane.
Det vert stilt krav om at minst eitt av dei obligatoriske arbeidskrava vert knytt til bruk av digitale ressursar.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være godkjent til fastsette fristar for å få gå opp til eksamen. Studentar som ikkje får godkjent dei obligatoriske læringsaktivitetane kan få eitt nytt forsøk undervegs i studieåret, men maksimalt to forsøk per semester.
Vurderingsform
Munnleg eksamen, 30 min.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel