Hopp til innhald

FAL851 Fysisk aktiv læring

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Studentane arbeider med ulike didaktiske og helsefremjande tilnærmingar som integrerer bevegelse i undervisninga. Gjennom teoretiske og praktiske perspektiv på fysisk aktiv læring tek studenten utgangspunkt i eigen undervisingspraksis. Obligatoriske læringsaktivitetar legg vekt på planlegging, utprøving, evaluering og refleksjon.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studentane ha følgande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har avansert kunnskap om pedagogiske, helsefremjande og affektive perspektiv på fysisk aktiv læring
  • har inngåande kunnskap om forsking på fysisk aktiv læring integrert i undervisning og læringsprosessar
  • har kunnskap om kva relevante styringsdokument seier om læring, danning og folkehelse og livsmeistring

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke kunnskap til å planlegge, gjennomføre og kritisk evaluere fysisk aktiv læring i undervisning og læringsprosessar
  • kan kritisk anvende teoretiske perspektiv til å analysere læringssituasjonar med fysisk aktiv læring
  • kan anvende kunnskap om sosiale, psykiske og fysiske prosesser som påverkar elevane si helse, trivsel og læring i skulen

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere kritisk over fysisk aktiv læring i eigen undervisningspraksis
  • kan legge til rette for eit variert, motiverande og meiningsfylt læringsmiljø
  • kan bidra til nytenking og innovasjon rundt pedagogisk tilrettelegging av fysisk aktiv læring

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Har starta arbeidet med e-læringa på FALtastisk.no

Undervisnings- og læringsformer

  • Arbeid med nettressursar t.d. videoar og litteratur
  • Synkrone nettsamlingar (i sanntid)
  • Gjennomføring i eigen praksis
  • Vurderings- og refleksjonsprosessar

Obligatorisk læringsaktivitet

Gjennomføre tre obligatoriske læringsaktivitetar individuelt og/eller i gruppe. Den siste modulen og obligatoriske læringsaktiviteten vil bli lagt opp som aksjonsforsking med fokus på prosessen «Lesson Study».

Obligatorisk læringsaktivitet (OLA) vurderast til greidd/ikkje greidd. Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende av faglærar før studenten kan levere eksamen. Dersom ein læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal studenten få skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitet får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må vere i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.

Vurderingsform

Individuell skriftleg oppgåve.

Omfang 1200-2000 ord i tillegg til litteraturliste og vedlegg.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel