Hopp til innhald

FE402 Anvendte øvingar i energiomstilling

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Gjennom ei rekke forelesningar, seminar og veiledningar skal studentene få ei praktisk forståing for eit eller fleire utvalde tema innan energiomstilling. Den skriftlege gruppebaserte oppgåva utføres i grupper på 3. Kvar gruppe skal levere ei skriftleg oppgåve.

Kurset byggjer på teoretisk kunnskap, ferdigheiter og kompetanse oppnådd gjennom ei rekke kurs gjennom studieprogrammet for Fornybar energi. Studentane vil nytte teorien på ei eller fleire praktiske øvingar som er relevante for studentane si akademisk- og/eller arbeidskarriere.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Studentane skal gjennom anvendelse utvide kunnskap om ulike sosiale-, teknologiske og naturrelaterte aspekt ved energiomstillinga.

Ferdigheiter

  • Studentane skal utvikle ferdigheitar knytt til innsamling og evaluering av informasjon/data som er relevant for energiomstillinga.
  • Studentane skal utvikle ferdigheiter knytt til rapportering og kommunikasjon av informasjon/data og resultat til eit breidt publikum.
  • Studentane skal utvikle gruppearbeidsferdigheiter.

Kompetanse

  • Studentane skal utvikle relevant kompetanse for vidare akademisk- og/eller arbeidskarriere.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

FE401, FE405, BI445, FE406, FE407, GE413, og PL412

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar, seminar, veiledningar, gjesteførelesningar og gruppearbeid/øvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Fire (4) skriftlege innleveringar. Tre (3) av fire (4) innleveringar må være godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Skriftleg gruppebasert oppgåve.

Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje bestått

Prosjektoppgåva må bestå av totalt 4000 ord +/- 25 % ekskludert referanseliste.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle utanom kunstig intelligens (KI) som til dømes ChatGPT.

Meir om hjelpemiddel