FE404 Matematikk for fornybar energi
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
FE404 er det andre emnet i matematikk for graden bachelor i fornybar energi og skal saman med MA415 gi studentane det matematiske grunnlaget dei treng til dei teknologiske emna i graden. I emnet går vi djupare inn i matematiske tema som matematisk modellering, trigonometri, vektorrekning, derivasjon og integrasjon. Emnet gir óg ein introduksjon til differensiallikningar og lineær algebra.
Læringsutbytte
Emnet gir ei fordjuping i korleis ein kan nytte matematikk til å handtere ulike problemstillingar innan fornybar energi.
Kunnskap
Studenten har
- kunnskap om derivasjon og integrasjon
- kunnskap om differensiallikninger og korleis dei beskriv endring
- kunnskap om lineær algebra og matriser
Ferdigheiter
Studenten kan
- bruke trigonometri og vektorrekning til å evaluere relevante naturressursar som solinnstråling og vindforhold
- bruke derivasjon til å undersøke korleis ulike system endrer seg (Funksjonsdrøfting)
- gjenkjenne og analysere differensiallikninger
- sette opp og løyse lineære likningssystem
Kompetanse
Studenten
- kan analysere og evaluere relevante matematiske modellar innan fornybar energi
- kan samle inn og evaluere relevant datamateriale
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MA415 Matematikk brukaremne
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, diskusjonar, innleveringar og øvingar
Obligatorisk læringsaktivitet
Ein (1) skriftleg innlevering. Innleveringa må være godkjent før ein kan gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator (ikkje programmerbar)
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- FE400 - Energi, teknologi og miljø - Reduksjon: 6 studiepoeng