FE405 Grunnleggjande energikonsept
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Kurset startar med ei innføring i nasjonal- og global energiproduksjon og -bruk. Deretter vert det gjeve ei oversikt over ressursgrunnlaget for fornybare og ikkje-fornybare energiressursar samt ei innføring i berekraftig utvikling, klima og miljø. Kurset gir vidare ei innføring i oppbygging av energisystemet, systemet sine tekniske komponentar og dei konsekvensar energisystemet har for samfunn og miljø. Kurset vil leggja vekt på systemtenking, og visa at fornybare energiløysingar er avhengige av kontekst. For dette formålet vil ulike energisystemtilnærmingar som er implementerte i spesifikke land eller regionar bli drøfta og vurderte ut frå deira evne til å bli overført til andre kontekstar.
Læringsutbytte
Kunnskap
- Studenten vil utvikla kunnskap om global og nasjonal energiproduksjon og bruk.
- Studenten vil utvikla kunnskap om globalt og nasjonalt ressursgrunnlag for fornybar og ikkje-fornybar energi.
- Studenten vil utvikla kunnskap om oppbygging av energisystemet.
- Studenten vil utvikla kunnskap om dei tekniske løysingane i energisystemet med hovudvekt på fornybar energi.
- Studenten vil utvikla kunnskap om dei verknadane energiteknologiar og -system har på klima og miljø.
Ferdigheiter
- Studenten vil kunna gjera greie for dei teknologiske, samfunnsmessige og miljømessige konsekvensane av produksjon og bruk av fornybar energi.
- Studenten vil kunna vurdera kor gjennomførbare og effektive spesifikke fornybare energiløysingar er i ulike sosio-tekniske kontekstar.
Kompetanse
- Studenten vil kunna gjennomføra vurderingar av ulike fornybare energiteknologiar sin status og modning.
- Studenten vil kunna gjennomføra vurderingar av ulike teknologier sine konsekvenser for samfunn og miljø.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MA415
Undervisnings- og læringsformer
Forelesningar, gjesteforelesningar og øvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
ingen
Vurderingsform
1) Skriftleg prosjektoppgåve i grupper på 2-4 studentar med justerande munnleg eksamen. Utgjer 60% av den endelege karakteren. Studenten må levere ny prosjektoppgåve dersom 1a eller 1b ikkje er bestått.
a. Gruppeoppgåve: Lag ein poster som viser energisystemet i et valt land.
b. Justerande munnleg eksamen i gruppe: Presentasjon av gruppeprosjektet og spørsmål som følgjer opp dette. Munnleg eksamen kan maksimalt forbetre eller senke karakteren på gruppeprosjektet med 1 karakter.
2) Skriftleg eksamen, individuell fleirvalstest, 2 timar, utgjer 40% av den endelege karakteren.
Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Dersom ein student ikkje består anten del 1 eller 2, treng han eller ho berre ta opp igjen den delen som ikkje er bestått.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Eksamen del 1: Alle
Eksamen del 2: Enkel kalkulator (ikkje programmerbar)
Meir om hjelpemiddel