FK215 Fysikk, Y-veg
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Kurset inneheld:
- Kinematikk, dynamikk og statikk i ein og to dimensjonar.
- Mekanisk energi og arbeid.
- Bevegelsesmengde.
- Svingingar.
- Væskestatikk.
- Termofysikk og varmelære.
- Elektrisitetslære.
Bruk av programmering og modellering inngår i fleire av kurset sine tema.
Læringsutbytte
Kunnskap
- Kandidaten har kunnskap om fysiske tema som er grunnlegjande for teknologiske fag.
- Kandidaten kjenner til fagets sentrale metodar, og kan definere og forklare dei viktigaste begrepa frå mekanikk, termofysikk og elektrisitetslære.
- Kandidaten har kunnskap om kva krav som stillast til forsøk.
Ferdigheiter
- Kandidaten kan gjere berekningar på kinematiske, dynamiske og statiske problemstillingar i ein og to dimensjonar.
- Kandidaten kan gjere berekningar på arbeid, effekt, svingingar, væskestatikk og termofysiske problemstillingar, enkle elektriske kretsar og bevaring av mekanisk energi og bevegelsesmengd.
- Kandidaten kan rekne med størrelsar og einingar i SI-systemet, og behersker omrekning mellom einingar.
- Kandidaten kan identifisere variablar i idealiserte modellar med fysiske størrelsar i verkelegheita.
- Kandidaten kan gjennomføre forsøksarbeid på ein kvalifisert og sikker måte, gjere målingar, tolke resultata og skrive rapport.
- Kandidaten kjenner til enkel bruk av numeriske løysingsteknikkar.
Generell kompetanse
- Kandidaten kan gjere greie for prinsipp for naturvitskapleg tenking.
- Kandidaten kan kommunisere med andre om realfaglege problemstillingar ved å nytte seg av fysiske begrep og størrelsar.
- Kandidaten forstår samanhengen mellom fysikk og teknologiske anvendelsar.
- Kandidaten forstår fysikkfaget sine ambisjonar om å lage kvantitative modellar av fenomen i nauren.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Grunnleggjande matematikk eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesningar og reknetimar.
Emnet vert undervist i haustsemesteret. Eksamen blir gjennomført i starten av januar. Det er mogeleg å ta ny eksamen i vårsemesteret.
Då dette emnet er opptakskrav på ingeniørutdanninga, må det må vere bestått før ein kan gå vidare til tredje semester i ingeniørutdanninga.
Obligatorisk læringsaktivitet
2 testar.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 3 timar.
Bokstavkarakter, A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Godkjente formelsamlinger i matematikk og fysikk. Godkjent enkel kalkulator.
- Godkjente kalkulatorer er: Casio fx-82 (Alle typer: ES, ES Plus, EX, Solar etc.)
- Eksempler på godkjente formelsamlinger: Gyldendals tabeller og formler i fysikk/matematikk, Aktiv formelsamling i matematikk for videregående skole, Fagbokforlaget