FRIB301 Friluftsliv vinter 2
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Dette emne har to hovudfokus. Studentane får vidareutvikle seg som friluftslivs vegleder gjennom teori og på ekskursjonar. Studentane får vegleiingserfaring gjennom å planlegge, gjennomføre og evaluere nordisk skiferd for andre. Det andre fokus i emnet er vinter friluftsliv. Gjennom teori og ekskursjonar skal studentane vidareutvikle kunnskap, erfaring og forståing om vinterfriluftsliv. Emnet omhandlar hovudsakleg vinterferdsel i oversiktleg terreng. Sentralt i emnet er ei djupare forståing av skredtreangelet (vær, snødekket og terreng) og kunnskap om menneskeleg faktor. Ferdigheit kring kameratredning utvidast til å omhandle større og meir komplekse scenario med og utan sendar/mottakar, samt å bli kjent med organisert snøskredredning.
Ved godkjent gjennomføring av ekskursjonane kan studentane få Norsk Fjellsportforum (NF) metodekurs skred nordisk/alpint, dersom loggbok tilfredsstiller NF sine krav til opptak på metodekurs.
Ekskursjonar med fokus friluftsliv vegleiing:
- Skiinstruksjon, to dagar
- Vegleiing i vinter-friluftsliv, fire-seks dagar
- Sogndalsdalen, ein dag
Ekskursjonar (nordisk vinterferd):
- Eigenferd nordisk vinterferd, minimum fem dagar
- Skitur på Jostedalsbreen, tre dagar (NF grunnkurs bre, modul 2)
Ekskursjonar (alpin skiferdsel):
- Toppturar i regionen, tre dagar (NF metodekurs skred)
- Overnattingsekskursjon Jostedalen, tre-fire dagar (NF metodekurs skred)
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har inngåande kunnskap og erfaring om friluftslivs vegleiing som metode
- kunne analysere og reflektere over sitt eige pedagogisk ståstad som utgangspunkt for leiing og læring innan friluftslivskonteksten
- har kunnskap om planlegging, gjennomføring og evaluering av nordisk/alpin skiferd i oversiktleg terreng
- har inngåande kunnskap om terrenget si betyding knytt til nordisk/alpin skiferd
- har inngåande kunnskap om vegvalsvurdering i oversiktleg terreng
- har inngåande kunnskap om systematisk snødekkeundersøking som metode for snødekkevurdering
- har inngåande kunnskap om korleis skredvarsling (varsom.no) nyttast i turplanlegging, gjennomføring og evaluering av nordisk/alpin skiferd
- har inngåande kunnskap om verets betyding for nordisk/alpin skiferd og snødekket si oppbygging
- har inngåande kunnskap om gruppeprosessar og menneskeleg samhandling knytt til nordisk/alpin skiferd
- har inngåande kunnskap om korleis kameratredning og organisert redning gjennomførast
Ferdigheiter
Studenten
- kan tilpasse vegleiing til gruppa si forutsetning og situasjon
- kan vurdere terrenget si betyding knytt til nordisk/alpin skiferd
- kan gjere vurdering på vegval i oversiktleg terreng
- kan systematisk snødekkeundersøking som metode for vurdering av snødekket
- kan nytte skredvarsling (varsom.no) i turplanlegging, gjennomføring og evaluering av toppturar
- kan gjere greie for verets betyding for ferdsel på topptur og snødekket si oppbygging
- kan gjere greie for gruppeprosessar og menneskeleg samhandling knytt til nordisk/alpin skiferd
- kan gi opplæring i kameratredning og bruk av sendar/mottakar - utstyr på grunnleggjande nivå
Generell kompetanse
Studenten
- kan anvende friluftsliv vegleiing som metode for å planlegge, trygt gjennomføre og evaluere organiserte turar knytt til nordisk/alpin skiferd i oversikteleg terreng
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar er å vere i god nok fysisk form til å kunne bere eige og felles utstyr på ekskursjonar med overnattingar på barmark og på snø. NF vidaregåande skredkurs eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet nyttar i stor grad praktisk undervisning ute og ekskursjonar der teori blir integrert gjennom tileigning av praktisk erfaring. Turplanlegging og teori vil og formidlast gjennom førelesingar på campus. Gruppe- og individuelt arbeid inngår og som ein viktig del av emnet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Aktiv deltaking på ekskursjonar (planlegging, gjennomføring og evaluering)
- Skriftleg gruppeinnlevering av turplan til eigenferd nordisk
- Skriftleg eigenrefleksjon knytt til friluftsliv vegleiings rolla
Desse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytta om å ha inngåande kunnskap om friluftsliv vegleiingm, samspelet terreng, snødekke, ver og menneske i samband med vinterferdsel, samt å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere trygge turar knytt til nordisk/alpin skiferd.
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigendel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen (30 minutt), med 30 minutt førebuing i forkant av eksamen.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Skriftleg eigenrefleksjon
Meir om hjelpemiddel