GE413 Kartlære og GIS
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet startar med ei innføring i kartgeometri, grunnlag for kartkonstruksjon og kartprojeksjonar. Dette inkluderer 3 øvingar som dekker praktisk bruk av kart og kompass samt grunnleggande leseferdigheitar og informasjonssøk i både analoge og digitale kart. I GIS-delen får studentane ei grundig innføring i grunnleggande komponentar i vektor- og rasterbasert GIS, og kva det kan nyttast til. Det vil bli vektlagt relevante problemstillingar innan naturfag og planlegging, som temakart og analyse av romlige variasjonar. Studentar får opplæring i bruk av online kartressursar og fysiske data. 8 av tilsaman 11 øvingar vil bli gjennomført i programvara QGIS.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten tileignar seg:
- grunnleggjande kunnskap om topografiske og tematiske kart, kartprojeksjonar og koordinatsystem
- kjennskap til prinsippa for geografiske informasjonssystem (GIS)
- oversikt over analysemoglegheiter ved bruk av geografiske informasjonssystem (GIS)
Ferdigheiter
Studenten kan:
- bruke kart og kompass
- bruke online GIS-ressursar
- gjennomføre feltregistreringar ved hjelp av GPS og apper på mobil, og i tillegg overføre slike data til digitale kart (QGIS)
- lage og bearbeide digitale kart i QGIS
- utføre vanlege analyser i QGIS
Generell kompetanse
Studenten vil forstå og vite korleis ein kan nytte GIS i aktuelle problemstillingar i kartlegging, fysisk planlegging og analyser.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Basiskunnskapar i bruk av PC og filbehandling
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, obligatoriske praktiske og skriftlege oppgåvar og 1 dagsekskursjon.
Obligatorisk læringsaktivitet
- 5/5 godkjende digitale testar
- 3/3 godkjende innleveringar
- 1/1 fagfellevurdering
- deltakelse på 2/2 praktiske oppgåvar
- deltakelse på feltekskursjon
- deltakelse på introduksjonsforelesing
Godkjende arbeidskrav er gyldige i dei tre påfølgjande semester.
Vurderingsform
Deleksamen 1: Prosjektoppgave i grupper (40% vekt). Bokstavkarakter A-F.
Deleksamen 2: Skriftleg skuleeksamen (60% vekt). Bokstavkarakter A-F.
Kvar enkelt deleksamen må vere greidd for å oppnå greidd resultat i emnet. Dersom ein deleksamen og dermed endeleg karakter ikkje er greidd, kan ein ta opp att berre den deleksamenen som er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Del 1 (Prosjektoppgave i grupper): Alle hjelpemidlar er tillatt.
Del 2 (Skriftleg skuleeksamen): Linjal, kladdpapir, penn og kalkulator er tillatt som hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel