Hopp til innhald

GE482 Hydrogeologi

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet gir først ei kort innføring i sentrale hydrologiske omgrep som vatnet sitt kretslaup og vassbalanse på lokal skala.

Den hydrogeologiske delen omhandlar førekomsten av markvatn i umetta sone og grunnvatn i fjell og lausmassar; grunnvasshydraulikk og geologiske føresetnader for grunnvassmagasin. Undersøkingsmetodar for grunnvatn med berekning av hydrauliske parametrar og grunnvatnet som transportagens for forureiningar og grunnvasskjemi vert også gjennomgått. Bruk av grunnvatn til vassforsyning og energi, grunnvatnet si rolle i samband med stabilitetsproblem i jord og fjellmassar, og grunnvasslekkasje til tunnelar, vert også behandla. Det vert også gitt ei enkel introduksjon til matematisk modellering av grunnvasstrøyming.

Under en dag med feltarbeid gjer vi feltoppgåver i eit mindre nedbørfelt; vassføringsmålingar, instrumentering og etablering av undersøkingsbrønnar for grunnvatn. Feltkurset er etterfølgd av analysearbeid på labben. På ekskursjonar ser vi på ulike typar grunnvassførekomstar i fjell- og lausmassar og besøker en miljøstasjon og ulike vassforsyningsanlegg som nyttar grunnvann.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter gjennomført emne skal studentane:

  • ha forståing for komponentane i det hydrologiske kretsløpet
  • ha kunnskap om danning og strøyming av grunnvatn i fjell og lausmasser
  • ha kunnskap om praktisk bruk av grunnvatn til vassforsyning og grunnvatnet si rolle i samband med flaum, erosjon, skred og geotekniske problemstillingar.

Ferdigheiter

Studentane kan utføre:

  • enkle hydrologiske / hydrogeologiske overslagsberekningar
  • hydrogeologisk feltarbeid og gjer hydrogeologiske vurderingar i felt

Generell kompetanse

Studentane kan:

  • bruke hydrogeologisk kunnskap i praktiske problemstillingar
  • forstå innhaldet i hydrogeologiske rapportar og publikasjonar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

GE406 Geologi Grunnkurs

MA414 Matematikk naturfag

FY400 Innføring i fysikk

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, øvingar med rekneoppgåvar, feltarbeid, labøvelse, ekskursjonar

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Godkjent innlevering av tre utvalgte øvingsoppgaver
  • Deltaking i alle feltkurs og ekskursjonar
  • En godkjent rapport frå feltkurs
  • To godkjente rapportar frå ekskursjonar

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.

Bokstavkarakter A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator og linjal

Meir om hjelpemiddel