HMA805 Gruppeleiing i rehabilitering
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Formålet med dette emnet er at du kan bygge din kompetanse på leiing av grupper i ulike kontekstar. Vi skal sjå på kva roller og oppgåver ein leiar har i denne typen leiarskap og bygge erfaring i endrings- og utviklingsarbeid.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
- har avansert kunnskap om gruppeleiing og kunne anvende denne i ulike rehabiliteringskontekstar
Ferdigheiter:
Studenten…
- kan jobbe i gruppe, identifisere problem og konflikter, ta beslutningar, planlegge og forhandle strategiske løysingar
- kan motivere og engasjere brukarar og fagfolk til å delta i endrings- og utviklingsprosessar
Generell kompetanse:
Studenten…
- kan kommunisere sjølvstende og samarbeid knytt til leiing av gruppe innanfor ulike rehabiliteringskontekstar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emnet består av ei felles samling utanfor HVL sin campus, digitalt kursmateriale og gruppearbeid. I samlinga vil det vere fokus på diskusjon, erfaringsutveksling og kollega-tilbakemelding. Det digitale kursmaterialet består av korte forelesingar, oppgåver du kan bruke til sjølvstudium og tekstar. I gruppearbeidet skal studentane jobbe saman i eit innovasjons-eller endringsprosjekt i kommunen eller på arbeidsplassen. Studentane får rettleiing og tilbakemelding på oppgåver.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatorisk læringsaktivitet må være godkjend før studenten kan framstille seg til eksamen:
- Deltaking på felles samling (halv dag)
Vurderingsform
Mappevurdering i gruppe
Mappe beståande av to arbeid som vert vurdert samla. Det blir gitt rettleiing til arbeidet.
- Refleksjonsnotat (400 ord +/- 10%)
- Video eller lydfil (maks 7 minutt) frå gruppearbeidet.
Vurderingsuttrykk
Bestått / ikkje bestått
Ny eksamen
Ved ikkje bestått eksamen kan gruppa levere ei bearbeida mappe.
Alle deltakarane i gruppa bidrar til eit felles produkt. Oppstår det tvil om ein student bidreg eller har bidrege tilstrekkeleg til å få utteljing for eit felles produkt skal det hentast inn skriftleg individuell fråsegn frå alle gruppemedlemene og fagleg rettleiar eller emneansvarleg. Høgskulen kan gjere vedtak om at studenten skal reknast for ikkje å ha møtt under eksamen
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt.
Meir om hjelpemiddel