HMA806 Effekt av migrasjon på helse
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Det er mange årsaker til migrasjon. Mange migrerer frivillig, medan eit aukande antal menneske er fordrivne frå eige land på grunn av krig eller konflikt eller tap av livsgrunnlag som følge av klimaendringar. Dette emnet handlar om migrasjonsprosessen og kvifor migrasjon og migrasjonspolitikk kan ha ein påverknad på helse på kort og lang sikt. Vi tar utgangspunkt i kursdeltakarane sin eigen kontekst og fokuserer på å nytte kunnskap om migrasjon og helseeffekter inn i tensteutføringa til den enkelte.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
- kan anvende kunnskap om effekt av migrasjon (som faktor) på helse
- har inngåande kunnskap om migrasjonspolitikk i vertsland som kan påverke helse negativt og positivt
Ferdigheiter:
Studenten…
- kan reflektere over korleis migrasjon kan ha betydning for helse både på kort og lang sikt
- kan anvende kunnskap om helse hjå migrantar i tenesteutføring
Generell kompetanse:
Studenten…
- kan anvende kunnskap om migrasjosnhelse til å skape trygge terapeutiske rom
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emnet består av ei felles digital samling, digitalt kursmateriale og gruppearbeid. I samlinga vil det vere fokus på diskusjon, erfaringsutveksling og kollega-tilbakemelding. Det digitale kursmaterialet i Canvas består av korte forelesingar, oppgåver du kan bruke til sjølvstudium og tekstar. I gruppearbeidet skal studentane jobbe saman i eit innovasjons-eller endringsprosjekt i kommunen eller på arbeidsplassen. Studentane får rettleiing og tilbakemelding på oppgåver.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatorisk læringsaktivitet må være godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen:
- Deltaking på felles samling (halv dag)
Vurderingsform
Mappevurdering i gruppe
Mappe beståande av to arbeid som vert vurdert samla. Det blir gitt rettleiing til arbeidet.
- Refleksjonsnotat (400 ord +/- 10%)
- Video eller lydfil (maks 7 minutt) frå gruppearbeidet.
Vurderingsuttrykk
Bestått / ikkje bestått
Ny eksamen
Ved ikkje bestått eksamen kan gruppa levere ei bearbeida mappe.
Alle deltakarane i gruppa bidrar til eit felles produkt. Oppstår det tvil om ein student bidreg eller har bidrege tilstrekkeleg til å få utteljing for eit felles produkt skal det hentast inn skriftleg individuell fråsegn frå alle gruppemedlemene og fagleg rettleiar eller emneansvarleg. Høgskulen kan gjere vedtak om at studenten skal reknast for ikkje å ha møtt under eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt.
Meir om hjelpemiddel