HMA807 Sentral teori om migrasjonshelse
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet omhandlar teori knytt til migrasjon og migrasjonsprosessen og effekt på helse og funksjon. Særleg sentralt er faktorar som påverkar migrasjon, ulike steg i migrasjonsprosessen og menneskerettar.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
- har avansert kunnskap om teoriar rundt migrasjonshelse
- har kunnskap om menneskerettar og korleis detektere brot på desse
Ferdigheiter:
Studenten…
- kan vurdere og dokumentere helsefunksjon og funksjonshemming som stammar frå migrasjonsprosessen
- kan gjenkjenne brot på menneskerettar og iverksett tiltak etter behov.
Generell kompetanse:
Studenten…
- kan reflektere kritisk over effekten migrasjon som bakgrunn har på helse
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Dette emnet er eit heildigitalt emne som består av innspelte forelesingar, oppgåver og anna digitalt materiale. Studenten skal arbeide med ei oppgåve gjennom heile emnet for å synleggjere oppnåing av læringsutbyta. Det blir gitt rettleiing på dette arbeidet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Oppgåve
Skriftleg, individuell oppgåve på 1500 ord +/- 10%
Vurderingsuttrykk
Bestått / ikkje bestått
Ny eksamen
Ved ikkje bestått eksamen kan studenten levere ei bearbeida oppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt.
Meir om hjelpemiddel