IDF101 Treningslære
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Treningslære er eit tverrfagleg emne som inkluderer treningslære, anatomi og bevegelseslære. Emnet skal gi kunnskap om faktorar som påverkar prestasjonen og korleis ein systematisk kan trene for å forbetre denne. Samtidig skal studenten få kunnskap om anatomiske, fysiologiske og biomekaniske forhold som er sentrale i bevegelse, idrett og fysisk aktivitet.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om faktorar som påverkar prestasjonen
- har kunnskap om sentrale prinsipp og metodar for trening og intensitetsstyring
- har kunnskap om oppbygginga av kroppen sine musklar og skjelett
- kjenner til grunnleggande biomekaniske prinsipp
Ferdigheiter
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere trening for betring av uthald, styrke, spenst, hurtigheit og bevegelsesevne
- kan beskrive bevegelse relatert til anatomi og fysiologi
- kan beskrive ulike treningsprinsipp og intensitetsstyring
Generell kompetanse
Studenten
- kan forklare og formidle grunnleggande omgrep og teoriar nytta i treningslære
- kan forklare og formidle særtrekka ved omgrepa uthald, styrke, spenst, hurtigheit og bevegelsesevne
- kan analysere muskelbruk under ulike aktivitetar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. Emnet inneheld både teoretiske og praktiske timar med fokus på studentaktive læringsformer.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Emnet har to eksamenar. Mappeeksamen med to delar, og ein to timars skuleeksamen
- Mappeeksamen
- Tel 80% av eksamenskarakter. Mappa består av:
- Ei individuell skriftleg oppgåve (1500 ord +/- 10 %)
- Ei individuell videooppgåve (10-12 min varigheit)
- Tel 80% av eksamenskarakter. Mappa består av:
- Skuleeksamen
- Tel 20% av eksamenskarakter
- To timars individuell skuleeksamen.
- Tel 20% av eksamenskarakter
Begge delar må være bestått for å få avsluttande karakter i emnet.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått. Gjeld begge eksamenar
Ved ny eksamen skal ein levere ein omarbeida mappedel som inkluderer begge delane og gjennomføre individuell digital skuleeksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Mappeeksamen: Alle hjelpemiddel er tillate.
Skuleeksamen: Ingen hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- KRO1004 - Bevegelsesaktivitetar og friluftsliv 2 - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- KRO1002 - Bevegelsesaktivitetar og friluftsliv 1 - Reduksjon: 7,5 studiepoeng