Hopp til innhald

IDF103 Pedagogikk og coaching

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Pedagogikk og coaching er et breitt basisemne som gir ei innføring i omgrepa pedagogikk og coaching, og korleis dei kan nyttast i arbeid med leiing, trening, undervising og endringsarbeid. Emnet skal bidra til auka forståing og tolking av ulike fagtradisjonar sine omgrep og verktøy som kan brukast for å initiera, følgja opp og vurdera endring. Det skal også bidra til ei bevisstgjering av ulike fagtradisjonar innan leiing og læring, og skape refleksjon knytt til motivasjon, mestring, mental trening og læring.

Emnet legg opp til at studentane skal lære om og reflektere rundt rolleval gjennom gruppediskusjonar og praktisk aktivitet. Refleksjon rundt eigen og andre si læring og utvikling er ein vitkig del av læringsprosessen i emnet.

Emnet består av tre delar:

  • Pedagogikk - ulike læringsteoriar og fagtradisjonar innan leiing, undervisning og læring. Pedagogiske verktøy og kroppsleg læring er sentrale omgrep
  • Coaching - leiing, trening, kommunikasjon og mental trening
  • Praktisering av rolla som trenar/leiar/instruktør/vegleiar/lærar forankra i kunnskap om pedagogikk og coaching

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om grunnleggande teoriar knytt til pedagogikk og coaching
  • har kunnskap om undervisning, vegleiing, coaching, og leiing i læring- og utviklingsprosessar
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innan fagområdet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte ulike pedagogiske verktøy i praktisk undervisning
  • kan vegleie og legge til rette for læring- og utvikling for enkeltindivid og grupper
  • kan nytte og vurdere bruken av teknologiske verktøy for læring og coaching

Generell kompetanse

Studenten

  • har evne til å utøve ein bevisst rolle som trenar/leiar/instruktør/vegleiar/lærer gjennom praktisk aktivitet med teoretisk forankring
  • kan nytte coaching og mentale treningsteknikkar i praksis
  • kan planlegge, gjennomføre og reflektere over eigen og studentstyrt undervisning knytt til rolla som trenar/leiar/instruktør/vegleiar/lærar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knyttet til førelesningar, gruppe- og individuelt arbeid. Emnet inneheld både teoretiske og praktiske timar med fokus på studentaktive læringsformer. Gjennom studentstyrt undervisning skal studentene få erfaring med planlegging, gjennomføring og refleksjon knytt til studenttema/paktisk gjennomføring.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatorsike læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

1. Skriftleg gruppeoppgåve knytt til læringsteoriar

Læringsaktiviteten gir kunnskap om grunnleggande teoriar knytt til pedagogikk, og bidrar til kunnskap om undervisning, vegleiing, coaching, og leiing i læring- og utviklingsprosessar.

2. Planlegging og gjennomføring av ei praktisk økt knytt til pedagogikk og læringsprosessar, coaching og kommunikasjon

Læringsaktiviteten skal bidra til at studenten oppnår følgjande læringsutbytte: Kan vegleie og legge til rette for læring og-utvikling for enkeltindivid og grupper. Kan planlegge, gjennomføre og reflektere over eigen og studentstyrt undervisning knytt til rolla som trenar/leiar/instruktør/vegleiar/lærar. Har evne til å utøve ein bevisst rolle gjennom praktisk aktivitet med teoretisk forankring.

3. Gjennomføring av praktisk gruppeoppgåve knytt til mentale treningsteknikkar

Læringsaktiviteten skal gje studenten kompetanse til å nytte coaching og mentale treningsteknikkar i praksis.

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen, 30 min.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • KRO1003 - Profesjonsfag: Lærarrolla og elevane si læring og utvikling - Reduksjon: 15 studiepoeng