Hopp til innhald

IDF300 Fordjuping fotball

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Kurset gir studenten ulike tverrfaglege perspektiv på trenaraktivitet gjennom teoretisk og praktisk undervisning. Sentralt står gjennomføring av praksisøkter som legg vekt på at studenten får utfordra seg på å planlegge, gjennomføre og evaluere trening i tillegg til å utarbeide sin eigen individuell trenarprofil. Det blir det nytta analyseverktøy i arbeidet med eigen trenarprofil og som ein del av eigne kamp- og spelaranalysar.

I møte med andre trenarar og spelarar i kurset og gjennom trenarpraksisen blir relasjonskompetanse og trenerkoordinering viktig stikkord.

Kurset blir gjennomført i nært samarbeid med Norges Fotballforbund, NFF Sogn og Fjordane og Sogndal Fotball.

Fagtilbodet avheng av at det er nok søkarar til emna, samt at det ved nokre av valemna er eit avgrensa tal plassar. Ved konkurranse om plass på emne, vil karaktersnitt og studieprogresjon ligge til grunn for opptaket.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om trenarkoordineringsrolla
  • har kunnskap om feedback og evaluering av trenarrolla
  • har kunnskap om relevante verktøy for kamp- og spelaranalyse

Ferdigheiter

Studenten

  • prøve ut og erfare korleis trenaren kan jobbe på feltet, individuelt og i samarbeid med andre
  • kan utvikle gjennom øving eigne ferdigheiter som trenar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjere greie for korleis ein skal ta eigarskap til eigen ferdigheitsutvikling som trenar
  • kan reflektere kring ferdigheitsutvikling for spelarar
  • kjenner til relevant forsking relatert til trenarrollen
  • kan kvalifisere seg som B-lisenstrenar i NFF sin trenarstige

Krav til forkunnskapar

Fullført 60 studiepoeng idrett eller tilsvarande.

For studentar som har gått studieretning Idrett og trenarrolla kan det vere aktuelt å framstille seg for UEFA B trenar fotball. Ein førestnad for dette er at NFF Grasrottrenaren er godkjent og tilstrekkeleg mengde trenarpraksis dokumentert.

Tilrådde forkunnskapar

Trenarpraksiserfaring

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene er førelesing, gruppe- og individuelt arbeid. Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen, mellom anna praktiske instruksjonsoppgåver.

Undervisninga blir gjennomført i klasserommet, på analyselaboratoriet og på fotballbana.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar. Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Praktiske instruksjonsoppgåver på barne- og ungdomssfotballag og utarbeiding av eigen trenarprofil
  • Deltaking i demoøkter og instruksjonstimar av medstudentar der ein får øving i eigne trenarferdigheiter
  • Teoriprøve, to timar der ein fokuserar på relevant litteratur og forsking knytt til trenarrollen

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.

Vurderingsform

Individuell praktisk eksamen, 45 minutt.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel