Hopp til innhald

IDF301 Kosthald og ernæring

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet gir ei innføring i generell ernæring, ernæringsfysiologi, og samanhengar mellom kosthald og helse. Emnet gir grunnleggande kunnskap om rettleiing i eit helse- og idrettsprestasjons-fremjande kosthald.

Fagtilbodet avheng av at det er nok søkarar til emna, samt at det ved nokre av valemna er eit avgrensa tal plassar. Ved konkurranse om plass på emne, vil karaktersnitt og studieprogresjon ligge til grunn for opptaket.

Læringsutbytte

Ved fullført emnet skal studenten ha følgjande læringsutbytte totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om energigivande og ikkje-energigjevande næringsstoff, inkludert kjelder i kosten, fysiologisk rolle og nasjonale anbefalingar
  • har kunnskap om nasjonale målsettingar og handlingsplanar relevant for kosthald
  • har kunnskap om samanhengen mellom kosthald og fysisk aktivitet, med fokus på energiomsetning og energibalanse
  • har kunnskap om kosthald i lys av ei berekraftig utvikling
  • har kunnskap om samanheng mellom kosthald og ikkje-smittsame sjukdomar
  • har kjennskap til ulike diettar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan registrere kosthald og vurdere næringsinnhald opp imot anbefalingar og næringsbehov
  • kan forklare personar om samanhengen mellom kosthald, fysisk aktivitet, energibalanse, og helse
  • kan forklare kva rolle kosthald har for yteevne og prestasjon
  • kan finne og vurdere forskingsbasert kunnskap om ernæring

Generell kompetanse

Studenten

  • kan nytte forskningsbasert kunnskap om ernæring for folkehelse og idrettsprestasjon
  • kan tilpasse kosthaldsinformasjon til målgrupper med ulikt nivå av fysisk aktivitet
  • kjenner til kunnskapsgrunnlaget for nasjonale og internasjonale kostråd og anbefalingar, og kan kritisk vurdere kosthaldspåstandar

Krav til forkunnskapar

Fullført 60 studiepoeng idrett eller anna relevant utdanning.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. Emnet inneheld både teoretiske og praktiske timar med med ein del omvendt undervisning og blokkundervisning, og har fokus på studentaktive læringsformer og kvarandrevurdering.

Obligatorisk læringsaktivitet

For å ha rett til å ta eksamen må alle obligatoriske læringsaktivitetar vere godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltakelse fra studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktiviteter

  • Ein obligatorisk kunnskapstest må vere bestått. Studentar får to sjansar til å bestå testen. Dette er knytt til følgande læringsutbytte, der studenten
    • har kunnskap om energigivande og ikkje-energigjevande næringsstoff, inkludert kjelder i kosten, fysiologisk rolle og nasjonale anbefalingar
    • har kunnskap om samanhengar mellom kosthald og ikkje-smittsame sjukdomar

Vurderingsform

Studenten skal levere fire caseoppgåver/oppgåver i løpet av semesteret, og skal inkludere tre av desse i endeleg mappeeksamen.

Alle tekstane må vere greidd.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Ved ny eksamen skal ein levere ein omarbeida mappeeksamen som inkluderer alle tekstane.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel