Hopp til innhald

IDF307 Fordjuping havpadling

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Målgruppa for emnet er studentar som ynskjer å auke eigen kompetanse om undervising og veiledning i havpadling, samt bruk av havpadling som friluftslivaktivitet i ulike settingar, og som ynskjer å arbeide med havpadling på ulike nivå i utdanning, gjennom frivillige organisasjonar eller i kommersiell samanheng.

Emnet fokuserer gjennomgåande på bruk av gode padleferdigheiter, som framdriftstak, sveipetak og styretak, ulike støttetak, sidevegs forflytning og ulike redningsteknikkar, inkludert eskimorulle og bruk av taueline, i skriftande vær- og sjøforhold. Det vert lagt vekt på godt sjømannskap, der planlegging av korte og lengre turar, vurdering av vær- og sjøforhold, navigering og sikker ferdsel er sentralt. Sentralt i emnet er korleis ein kan leggje til rette for gode og trygge turar og læringssituasjonar i havpadling. Det vert såleis arbeidd med ulike undervisingsmetodar og undervisingsprinsipp, samt organisering og leiing knytt til undervising og veiledning i havpadling. I samanheng med dette vil ulykkesteori, risikoanalyse og risikohandtering, samt situasjonsbestemt leiing vere gjennomgåande fokusområde. Som leiar for ei gruppe i havpadling må ein også kjenne til vanlege skader i havpadling og kunne førebygge og gjennomføre enkel behandling av desse. Teori vil hovudsakleg bli integrert i den praktiske undervisinga.

Innhaldet i emnet dekker innhaldet i Norges Padleforbund sitt «aktivitetsleiarkurs havpadling» og det vert lagt til rette for sertifisering som aktivitetsleiar i undervisinga. Etter gjennomført emne skal deltakarane ha gode kunnskapar og ferdigheiter for å arbeide som aktivitetsleiar og for å gå vidare i Norges Padleforbund sin kursstige.

Deltakarane får kursbeviset «aktivitetsleiarkurs havpadling» gjennom kursstigen til Norges Padleforbund dersom aktivitetsleiarkurset vurderast til greidd.

Fagtilbodet avheng av at det er nok søkarar til emna, samt at det ved nokre av valemna er eit avgrensa tal plassar. Ved konkurranse om plass på emne, vil karaktersnitt og studieprogresjon ligge til grunn for opptaket.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har god innsikt i effektive teknikkar for å handtere kajakken i ulike værforhold
  • har god kunnskap om undervisingsmetodar, undervisingsprinsipp og veiledning som metode for å fremme læring i havpadling
  • har god kunnskap om ulykkesteori, risikoanalyse og risikohandtering knytt til havpadling
  • har kunnskap om sentralt utstyr for havpadling og kan vurdere bruken av dette i ulike situasjonar
  • kjenner til vanlege skader i havpadling og risikofaktorar for desse skadene

Ferdigheiter

Studenten

  • meistrar god padleteknikk, redningsteknikkar, tauing og navigering under skiftande vær- og sjøforhold
  • kan nytte og tilpasse ulike undervisingsmetodar og undervisingsprinsipp i undervising og veiledning i havpadling
  • kan gjennomføre risikoanalyse og planlegge og gjennomføre trygg padleaktivitet i tråd med denne

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre undervising og turar i havkajakk for grupper på ein sikker måte i høve til vær- og sjøforhold (t.d. tilpasse organisering og leiing etter deltakarar sin kompetanse, kunne navigere og gjere gode vegval, planleggje kva utstyr som krevst og vurdere kva som er sikker aktivitet i høve til vær- og sjøforhold)
  • kan reflektere om havpadling som aktivitet i ulike settingar
  • kan planlegge og gjennomføre «introkurs havpadling» og «grunnkurs havpadling» etter Norges Padleforbund sin standard i kursstigen (dersom oppnådd sertifisering som aktivitetsleiar)

Krav til forkunnskapar

Fullført 60 studiepoeng friluftsliv, idrett, natur- og opplevingsbasert reiseliv eller anna relevant utdanning.

Tilrådde forkunnskapar

Studenten må ha Norges Padleforbund sitt «grunnkurs havpadling» og «teknikkurs havpadling» ved oppstart av emne.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisinga vil i all hovudsak gjennomførast praktisk. Teori blir integrert i praksis. Deltakarane vil få ansvar for turplanlegging, samt gjennomføring av padleaktivitetar og leiing av grupper på vatnet. To lengre overnattingsekskursjonar inngår i undervisinga, der ein ekskursjon er felles i gruppa og ein ekskursjon er eigendefinert og gjennomførast gruppevis.

Praktisk undervising vert i hovudsak lagt til kysten.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar. Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

1: Skriftleg innlevering og munnleg presentasjon av forslag til turplan for felles tur i gruppe, gjennomføring og individuell innlevering av skriftleg refleksjonsnotat frå ekskursjonen.

2: Skriftleg innlevering av turplan, gjennomføring av eigendefinert ekskursjon, samt munnleg presentasjon av erfaringar frå ekskursjonen i gruppe.

3: Gjennomføring av ekskursjon knytt til rettleiing i havpadling og innlevering av individuell skriftleg oppgåve knytt til rettleiar-rolla i havpadling.

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen på 30 minutt med 30 minutt førebuing.

Eksamen vil være delt i to:

  1. Omhandlar individuell skriftleg oppgåve knytt til rettleiar-rolla i havpadling
  2. Omhandlar andre delar av pensum.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Individuell skriftleg oppgåve knytt til rettleiar-rolla i havpadling.

Meir om hjelpemiddel