JU6-1001 Skatte- og avgiftsrett 1
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet dekker følgjande tema:
- Omgrep og tolkingsreglar
- Skatteforvaltning og skattebetalingsordning
- Omfanget av skatteplikt til Noreg
- Overordna prinsipp for skattlegging av person og selskap
- Skattesubjekt
- Inntekts- og formueskattlegging av person
- Rammeverk for meirverdiavgift
- Skatte- og avgiftsreglar knytt til fast eigedom
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Studenten
- har kjennskap til hovudreglane for skattlegging av inntekt og formue for personar.
- kjenner overordna prinsipp for skattlegging av næringsverksemder
- har kjennskap til regelverket knytt til skatteplikten til Noreg og kva kommune skatten skal betalast til
- kjenner reglane omkring skatteplikt i samband utleige og realisasjon av fast eigedom
- har kunnskap om momsregelverket
- kjenner regelverket omkring utleige og frivillig registering av meirverdiavgift knytt til fast eigedom
- har kunnskap om grunnleggande likningsforvaltningsrett, skattebetaling og sentrale reglar for tilsidesetting.
Ferdigheiter:
Studenten
- kan rekne ut alminneleg inntekt, personinntekt og skattbar formue med utgangspunkt i skattelov, forskrifter, skattevedtak og takseringsreglar.
- kan rekne ut nettoskatt, trygdeavgift, trinnskatt og formueskatt med utgangspunkt i forskrifter, skattevedtak og takseringsreglar.
- kan finne ut om utleigeinntekter og realisasjonsinntekter knytt til fast eigedom er skattepliktig eller ikkje og rekne ut skattepliktig inntekt/frådrag for tap.
- kan vurdere og handsame meirverdiavgiftsmessige transaksjonar i ei verksemd
- kan gjere etiske refleksjonar rundt skatteplanlegging.
Generell kompetanse:
Studenten
- kan tilegne seg oppdatert kunnskap innanfor kunnskaps- og ferdigheitsrområda som er nemnt ovanfor.
- kan formidla sentralt fagstoff gjennom relevante uttrykksformer og kan utveksle synspunkt med andre fagpersonar.
- kan sjå emnet i ein større samanheng i eit samfunnsmessig perspektiv
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og seminar med oppgåveløysing.
Obligatorisk læringsaktivitet
To skriftlege arbeidskrav. Arbeidskrav må vera greidde for å få gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovdata pro i eksamensmodus (med dei innarbeidingar som Lovdata har tillate, og med tilgang på alle lover, forarbeid, forskrifter, rettspraksis frå Høgsterett og lagmansrettane, og alt av EØS- og EU-rettskjelder, med mindre emneansvarleg har fastsett noko anna).
Kalkulator.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- JU6-1004 - Skatte- og avgiftsrett for eigendomsmeglarar - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- JU6-202 - Skatte- og avgiftsrett - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
- EM6-102 - Skatte- og avgiftsrett for eiendomsmeglere - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
- ØKB2006 - Skatte- og avgiftsrett 1 - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- ØBR111 - Skatte- og avgiftsrett 1 - Reduksjon: 7,5 studiepoeng