Hopp til innhald

KKKA301 Kunst, kultur og kreativitet

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet vert ikkje tilbydd studieåret 2024/2025.

Utvikling av praktiske dugleikar, estetisk merksemd og skapande evner utgjer ein sentral del av kunnskapsområdet. Barnehagelæraren har ansvar for at alle barn i ulike aldersgrupper utvikler eit rikt uttrykksrepertoar gjennom allsidige sanseopplevingar, kroppslege erfaringar, tid til leik og eksperimentering, refleksjon og kommunikasjon. Kunnskapsområdet sitt mål er å bruke kunstfaglege arbeidsformer i ei tydeleg profesjonsrolle, som inviterer til utforskande og skapande verksemd og ser samanheng mellom estetiske læringsprosessar og leik, læring og danning hos barn.

Barnehagen utvikler sin kultur i nært samspel med ulike aktørar i kunst- og kulturfeltet i lokalmiljøet, og kunnskapsområdet tydeleggjer barnehagelæraren sitt ansvar for å gje barn tilgang til kulturelle tradisjonar og aktuelle strømningar i kunst- og kulturliv.

Kunnskapsbasen bygger på barnehagepedagogisk kunnskap, kunstfaga musikk, drama, forming og norsk, og på kunstnarleg utviklingsarbeid og forsking med relevans for kunnskapsområdet.

Praksisstudiet er integrert i kunnskapsområdet. I praksisstudiet 3. studieår skal studenten arbeide med leiing av barn og barnehagen.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har innsikt i korleis faga i kunnskapsområdet bygger på barn sin leik, og innsikt i korleis kunst og kultur virkar inn på barn sine uttrykksformar
  • har kunnskap om barnekultur, samiske kunst- og kulturtradisjonar, kulturelt mangfald og norsk kulturarv
  • har kunnskap om leik, samspel og formidling i kunstfagleg arbeid
  • har kunnskap om estetiske virkemiddel, arbeidsmåtar, material, instrument, verktøy og teknologi i litteratur, musikk, drama og forming
  • har kunnskap om barn si utvikling innanfor dei estetiske fagområda, og de estetiske fagområda si tyding for barn si utvikling

Ferdigheiter

Studenten

  • viser evne til å bruke dramatiske, visuelle, musikalske og litterære virkemiddel, og kan bruke fagspesifikke reiskapar, teknikkar og materiale i dei ulike fagområda
  • kan integrere element frå fagområda drama, norsk, kunst og handverk og musikk i fleirfagleg arbeid
  • kan stimulere barn til å utforske, leike, lære og skape gjennom analoge og digitale uttrykksformer
  • kan bruke sin faglegheit til improvisasjon i leik og skapande prosessar
  • kan legge til rette for barns møter med eit mangfald av kunst- og kulturuttrykk frå fortid og notid
  • kan leie estetiske læringsprosessar med og for barn og medarbeidarar, og ivareta fagleg og etisk refleksjon i dokumentasjon og vurdering
  • kan skape inne- og uterom som inviterer barn til estetiske opplevingar, undring, utforsking, skaparglede og leik
  • kan samtale med barn om kunst- og kulturuttrykk

Generell kompetanse

Studenten

  • kjenner barnehagelærarens tyding som medskapar, deltakar og rollemodell i barn sine estetiske læringsprosessar
  • kan stimulere barns musiske veremåte
  • kan bygge på utviklingsarbeid og forsking i kunst- og kulturfagleg arbeid i barnehagen
  • ser barn som kompetente deltakarar på samfunnet si kulturarena og sikrar barn sine ytringar og demokratiske rettar ved å fremje deira estetiske språkformer

Krav til forkunnskapar

Bestått praksis 2. studieår

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studiet blir organisert med varierte arbeidsformer som fleirfagleg og tverrfagleg arbeid, forelesingar, gruppearbeid, seminar, praktisk arbeid, verkstadarbeid og sjølvstudium. Hovudvekta i studiet vil i stor grad vere praktisk-metodisk, men vil også kreve arbeid med relevant faglitteratur. Det blir lagt vekt på kunstfaglege arbeidsformer slik som praktisk framføring, ulike former for dokumentasjon, prosessuelt verkstadarbeid, utstilling, musisering, osv.

Studentane betaler kostnader til læremiddel (formingsmateriale) i emnet (ca 300 kr), Minst ein konsert, utstilling, film og/eller profesjonell teaterforestilling inngår i emnet (ca kr. 400). Studentane dekker sjølv utgifter til billettar. Studentar som ikkje deltek må gjere tilsvarande arbeid i samråd med faglærar.

Praksis

Praksis vert gjennomført etter eigne læringsutbytte som står oppført i studieplanen. Informasjonen om praksis ABLUPR301 ligg i utdanningsplanen for ditt kull og på nettsida for praksis i barnehagelærerutdanninga.

Obligatorisk læringsaktivitet

Fylgjande obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjent før studenten kan framstillast til eksamen.

1. Godkjent obligatorisk deltaking (mininmum 80%)

2. Eit framlegg i gruppe, der ein formidlar og reflekterer over planlagd og praktisk gjennomført oppgåve knytt til estetiske læreprosessar i barnehagen. (Musikk, drama og forming)

Her viser studenten at hen kan integrere element frå kunstfaga i fleirfagleg arbeid og at hen kan leie estetiske læringsprosessar med og for barn og medarbeidarar, og ivareta fagleg og etisk refleksjon i dokumentasjon og vurdering

3. Ei oppgåve knytt til å planlegge, gjennomføre og reflektere over estetisk litteraturformidling i barnehagen (norsk).

Her viser studenten at hen har kunnskap om estetiske virkemiddel og arbeidsmåtar spesielt knytt til litteratur og eventuelt andre kunstfag, og kan bruke verkemiddel og spesifikke teknikkar frå desse fag.

Vurderingsform

Eksamen består av to deleksamenar: individuell vurderingsmappe og praktisk gruppeeksamen. Kvar deleksamen tel 50 % av karakteren i emnet.

Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje bestått. Bestått deleksamen treng ikkje takast opp att.

Mappevurdering: Mappa inneheld prosessarbeid i faga drama, forming og musikk, basert på oppgåver som blir gitt i kvart fag. Retningsliner blir gitt ved semesterstart. Ein fagdel frå mappa blir trekt ut til vurdering. 1/3 av klassen blir trekt ut i kvart fag. Trekking av vurderingsmappa blir gjort etter innlevering. Ved ny eksamen skal studenten levere ei omarbeida mappe.

Praktisk gruppeeksamen: Det blir trekt eksamensgrupper som skal utvikle ei tverrfagleg framvisning over eit gitt antal dagar. Det skal skrivast gruppekontrakt ved eksamensstart. Nærare retningsliner og vurderingskriterier blir gitt ved eksamensstart. Gruppa får ein felles karakter.

Dersom ei gruppe stryk, blir ny eksamen gjennomført ved næraste eksamensavvikling. Dersom ein student ikkje får fullført eksamen med si gruppe, kan han/ho ta gruppe-eksamen med ei ny gruppe ved næraste høve. Dersom dette ikkje let seg gjere, blir ny eksamen gjennomført som praktisk eksamen aleine.

Hjelpemiddel ved eksamen

Del 1: Alle trykte og skrivne hjelpemiddel er tillate

Del 2: Alle trykte og skrivne hjelpemiddel er tillate

Meir om hjelpemiddel